Glimt frå planlegging

Share

Neste veke skal eg ha både tysdagssending og onsdagssending. Eg har så smått starta planlegginga av onsdagssendinga. Eg sende ein epost til Leonhard Jansen om han kunne vere med etter å ha halde foredrag på Biomangfald i kulturlandskapet-konferansen som var på Sølvgarden denne veka. Han hadde eit innlegg om Tradisjonelt driftssystem for Setesdalsbonden og der kom det fram interessante synspunkt. Anders Dalsæg hadde og eit innlegg, Setesdalsmuseet tar ansvar for biomangfoldet, og han kjem og i studio denne kvelden, så eg trur det kan bli ein interessant kveld for alle som er interessert i at kulturlandskapet i Setesdal vert halde i god stand. Eg har og tenkt at dei kan seie litt om slåttedagen på Rygnestad som var i sommar. Dette er planlagt til klokka 20 den kvelden.

Mange vil ha fått med seg at Løvlands allé hadde lansering av musikkvideoen Riket i to på Sølvgarden tidlegare i sommar. Det er ein musikkvideo som det har teke nesten eit år å spele inn. Eg har avtalt ein prat med Tor Egil Vaule Andersen om heile prosessen og om arrangementet på Sølvgarden. Så litt er klart når det gjeld planlegginga av onsdagen

Når det gjeld tysdagsprogrammet så er Niklos klar med kva han skal starte sesongen med i Postludium. Det vert eit program med musikk av Mendelssohn. Vi veit at det er melodiøs og fin orgelmusikk, og kjenner eg Niklos rett, har han og funne noko sang av den store komponisten.