350.000 artiklar

Share

I dag runda Wikipedia 350.000 artiklar. Det skjedde utan store markeringar klokka 10.44 og var bare omtalt i ein notis på Torget, ei samtaleside for folk som skriv på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Torget#Like_f.C3.B8r_350_000_artikler_.21.21

Det er ganske mange artiklar, til å vere eit så lite språksamfunn som det norske, på engelsk er det no over fire millionar artiklar. Og sjølv om Wikipedia er dugnadsbasert med hovudvekt på skribentar som er interesserte i fotball og popkultur, kan ein finne ganske mykje av generell kunnskap på denne nettstaden.

I dag var eg ein tur i Mandal og møtte Tor Fuglevik. Møtet resulterte i at eg skreiv ein artikkel på Lokalhistoriewiki om farfaren hans, lærar og lokalhistorikar på eit par øyer aust for byen. Du kan lese meir om det på min andre blogg, http://blog.setesdalswiki.no/

Vi kom til å snakke om Wikipedia og Store Norske Leksikon og endringane som har vore i leksikonstrukturen dei siste åra. Begge vona vi at Store Norske ville få økonomi til å kunne halde drifta, vi treng eit leksikon med ein redaksjonell profil i tillegg til Wikipedia, som er meir basert på skribentane sine interesser enn ein redaksjonell profil.

Lokalhistoriewiki har 12.179 artiklar når dette vert skrive, og er altså ein dverg målt opp mot Wikipedia. Men dei dekker ei nisje som gjev rom for stoff som det ikkje er så naturleg å ha med i Wikipedia. Difor kallar dei seg ein fagwiki. Men det er mykje ugjort der, så dei kan trenge folk som skriv. Sjølv trur eg nok eg får halde meg til å vere mest aktiv på Setesdalswiki, sjølv om eg ikkje var særleg produktiv der i dag. I staden var Reidar Tveito innom og skreiv om Håhellerhytta, så der har du ein fin artikkel å lese før du tek turen vestover til helga. http://www.setesdalswiki.no/wiki/H%C3%A5hellerhytta

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *