Colossus

Share

Ikkje lett å få tid til å blogge desse dagane. Eg fekk ei bok før helga, Colossus: Hoover Dam and the Making of the American Century av Michael A. Hiltzik og den tek si tid, 512 sider spennande historie om bygging av Hooverdammen i USA. Du kan lese meir om den på Wikipedia: Hooverdammen Dammen er 220 meter høg, då vert Vatndalsdammen sine 140 meter kanskje helst litt puslete. Produksjonen i Hooverdammen er likevel bare 2000 MW, noko som set dammen på 95 plass i produksjon i verda.

Boka trekkjer linjer tilbake til Ville Vesten og tida før dammen vart bygd i 1930-åra, heilt til 1800-talet. Eg lurer på om det var mange nordmenn med på bygginga av Hooverdammen og om ein kan trekke linjer frå bygginga i USA på 1930 talet til bygginga i Norge på 1960-talet. Det veit eg ikkje noko om, men det er interessant å fundere. Meir om boka kan du finne her: http://www.amazon.com/Colossus-Hoover-Making-American-Century/dp/B004AYCWZ8/ref=la_B001HQ0KQU_1_3?ie=UTF8&qid=1346097859&sr=1-3

Eg har tidlegare fortalt om min andre blogg. På den vil eg etter avtale med elevar legge ut nokre tekstar som dei har skrive. Om du svingar innom http://blog.setesdalswiki.no vil du frå i morgon og i dagane framover kunne verte betre kjent med folka frå Burma som bur i Valle og deira ulike gjeremål.

Men no kallar Colossus på meg, så eg let tastaturet kvile.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *