Glimt frå Valle

Share

På den andre bloggen min, Blog for Harald, har eg i dag gjeve plass til seks innlegg frå elevane mine på Valle Vaksenopplæring. Dei fortel om kva dei gjorde i helga som var, då eg såg Telemarkskanalen minutt for minutt. Min kollega Øystein har budd ved kanalen i Lunde, så han ville nok hatt meir glede av programmet enn eg, men han var oppteken med andre ting og fekk ikkje sjå så mykje, men programmet i P2 var jo og interessant.

Elevane mine såg ikkje så mykje på det programmet, i alle fall kjem det ikkje fram noko om det i tekstane deira. Men det er mykje anna interessant der under overskrifta Dette gjorde jeg lørdag og søndag, så du kan nok ha glede av å lese der.

I morgon er det tid for kommunestyremøte i Valle att, det vert overført i Valle Radio frå klokka 18.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *