Haustsesongen er i gang

Share

I kveld starta haustsesongen i Valle Radio med møte i Valle kommunestyre. Det starta med orientering om Agder Energi ved Tom Nysted og om Setesdal folkehøgskule ved Lene Dyrkorn og Olav K. Hovet. Så var det kaffipause før sakshandsaminga tok til.

Eg høyrde ikkje på sendinga i kveld, eg fekk bare med meg slutten av første del fram til pausen. Du kan sjå kva programmet var på Setesdalswiki, eg måtte legge ut sakslista der i kveld, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20120829 Eg la og ut heile haustprogrammet på Setesdalswiki i kveld, slik at du lett kan sjå kva som skjer onsdagskveldane utover hausten: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_hausten_2012

Neste onsdag er det eg som er ansvarleg for ei tradisjonell onsdagssending. Då skriv me september. Og tysdag har eg som vanleg tysdagssending. Vel møtt til ein ny radiosesong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *