Konsmo er verd eit besøk

Share

Som eg skreiv i går, gjekk turen denne veka opp Audnedal. Kommunesenteret Konsmo er, som namnet seier, ein mo. Vegen er lang og bein, ein kan nok tenkje seg at folk frå dei indre bygder køyrer fortare enn godt er på ein slik veg, men vi, som var turistar, tok det med ro.

-Skal vi stoppe på Barnevandrersenteret? spurde eg. Eg hadde alt antyda at eg ville fylle bensin, så då sa passasjerane i bilen at dei meinte at det var nok å stoppe ein stad, altså på bensinstasjonen, som var kombinert med ein Spar-butikk. Den hadde og post i butikk, så då eg kom inn og skulle betale, var det naturleg å vende seg til den første kassen, altså post i butikk, men ei vennleg jente meinte eg fekk bli med over til kasse nummer to, for den var for Esso.

Ettersom vi var svoltne, gjekk vi innom Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori. Det var ei hyggeleg oppleving. Ei vennleg jente lånte ut nøkkel til toalettet, og det var prima kvalitet. Minestronesuppe med rundstykke til 35 kroner let seg høyre og smakte fortreffeleg, stor suppeskål var det og. Eit kakestykke og kaffi toppa opplevinga, så vi var styrkte og klare for ein ny etappe etter ein halvtime der. Det høvde godt å kjøpe eit grovbrød og nokre rundstykke og bollar å ta med seg. Bollane vart niste på resten av turen, det øvrige var og godt, men måtte vente til vi var heime att.

Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori har eiga heimeside. Sjekk den ut og gå innom når du er på dei kantane, det er vel verd eit besøk.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *