Møte med elg

Share

På turen oppover i går kveld var det nære på at ein elg fekk eit nærare møte med ein Citroen C5 enn godt var. Det skjedde på Syrtveit, like sør for Troll Mountain sitt anlegg. Plutseleg kom han ut frå vestsida av vegen, det var bare å stå på bremsa, heldigvis gjekk det godt denne gongen. Han stod og såg litt på meg, eg blinka med lysa for å varsle motgåande trafikk om fare, og då snudde han og lunta tilbake inn i skogen. Og glad var eg.

I vinter møtte eg ein elg litt nord for Hylestad skule. Han tok spegelen på venstre side av bilen, men eg var glad det ikkje gjekk verre, for den dagen var det glatt på vegen og heller dårlege bremsetilhøve. Ny spegel kosta nokre kroner, men hadde eg fått han på panseret, er det ikkje godt å vite korleis det kunne ha gått.

I sommar har det vore elg i hagen heime i Mandal. Han likar godt å beite på godsaker der, akkurat som rådyra. Sjølv om han for det meste held seg på andre sida av vegen, slik at vi kan sjå han frå vinduet på høveleg avstand, sit vi meir enn ein gong og lurer på om han vil verte påkøyrd, og av og til høyrer vi det kvin i bremser. Til no har det gått godt, og det er vi glade for. Om han lever til elgjakta, bør han få ein grei tur til dei evige elgmarker.

Rådyra høver og best i viltgryte. Når dei lurer seg inn og står like under terrassen og beiter på bringebærbuskar, så vert ein noko irritert, det er lettare å sjå mor med kje på god avstand frå hage og bringebær. I det heile teke er det mest å det er nyttelaust å tenke på å plante noko frukt og slikt, før ein veit ordet av det, har dei vore innom og hatt eit måltid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *