Musikkvideoen Riket i to

Share

Etter eit år med filming, ikkje minst langs Brokke-Suleskarvegen, er musikkvideoen Riket i to av Løvlands allé klar til presentasjon. Det skjer på Sølvgarden laurdag klokka 19. Hendinga var omtalt i Setesdølen tysdag, og vi som er vener med Tor Egil og Sanjin på Facebook har fått promotert hendinga ganske kraftig. Ettersom det skjer i helga, kan eg ikkje vere med, då er eg i Mandal, men eg vil anbefale folk å stille på Sølvgarden, det kan bli ei oppleving utanom det vanlege. Sjølve filmen tek fire minutt, etterpå vert det ein konsert med Løvlands allé før ein minglar og snakkar med skodespelarar og musikarar. Mange lokale har vore statistar i filmen, så ein vil heilt sikkert sjå kjentfolk der.

I omtalen av arrangementet skriv bandet:

Nå har det gått eit år sidan me starte musikkvideoprosjektet til låta ”Riket i to”. Tolv dagar fordelt på fire helger med innspeling i øve eit heilt år er forbi, og lørdag 25. august blir det visning av musikkvideoen på Sylvgarden hotell. Når me ser tilbake er me svært fornøgd over resultatet, kor me klarte å gjennomføre eit vanskelig, tidkrevjande og ambisiøst prosjekt. Ein musikkvideo som skildrar ei reise gjennom tid og rom. Eit møte natur mellom kultur, og det tradisjonelle i møte det moderne.

På same måte som musikkvideoen skildrar ei reise gjennom årstidane langs Brokke – Suleskarvegen, har også sjølve prosjektet vore ei reise. Ei reise som har vart gjennom eit heilt år. Ei reise kor me har blitt kjent med nye fantastiske menneskjer. Og ei reise med mange gode opplevingar langs vegen! Me er svært stolte over produktet og ser fram til å kunne presentere musikkvideoen i august!

Musikkvideoprosjektet hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan hjelp frå andre. Prosjektet har kvilt på ein fantastisk dugnadsinnsats frå entusiastiske Setesdølar, og me er utrulig takksamme for all hjelp og støtte me har motteke! Difor vil me få takke alle samarbeidspartnarar, statistar og støttespelarar på prosjektet!

Og så er det gratis inngang. Lukke til. Når Valle Radio startar att, kjem eg til å ha ein prat med bandet om hendinga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *