Norge – mitt næraste ferieland

Share

Gislefoss i Audna

Velkommen til min nye blogg. Eg har tenkt på dette ei stund no, og kome til at eg vil starte ein ny blogg og med tida fase ut skrivinga mi på den gamle Valle Radio Blogg, som eg har skrive på i snart sju år og nærare tre tusen innlegg. Den bloggen har vore god for meg og dekt trongen eg har hatt til å skrive om laust og fast relatert til Valle Radio sine program. Men eg har likt dårleg den reklamen som lesarane møter og funne ut at eg med ein annan profil vil vonleg reklamen vere mindre blinkande enn før.

Eg vil ikkje slutte heilt på Valle Radio Blogg med det same, det vert ein glidande overgang. Vonleg vil lesarar bli med over og lese det eg skriv og på den nye staden.

Det høver godt å starte skrivinga 1. august. For ein lærar er 1. august ein viktig dato, då startar nytt skuleår. Men dagens blogg handlar om ein julitur, for måndag, det var 30. juli, dagen etter olsok, tok vi oss ein tur i eige land. Ferietur i nærområdet er kanskje ikkje så eksotisk, men turen gjekk på nye vegar der vi aldri hadde ferdast før, og då er det jo kanskje eksotisk likevel.

Frå Tregdevegen tok vi vestover, men bare nokre hundre meter, så svinga vi nordover mot Holum. I Holum køyrde vi over Mandalselva og heldt fram nordover før vi tok opp i heia. Der starta ein 15 km lang tur som eg aldri før hadde køyrt, til tross for at eg har feriert i Mandal i 40 år og hatt bustadsadressa mi her sidan 2000. Den turen gir eit tverrsnitt av kommunen og syner nokre av utfordringane ein vil ha om ein skal bygge ny E-39 lenger inne i landet, for det er nok av fjell og knausar å skjere gjennom på den strekninga.

Vel nede i Buhølen snudde vi nordover. Her hadde NAF si veibok informasjon, den er jo alltid god å ha når ein er på tur, og som vanleg fann Reidun fram til rett rute og ny informasjon, helst før vi kom til staden som var omtalt. Audna sementvarefabrikk og Melhus bedehus, trur det er denne grenda Jon Melhus har namnet sitt frå. Vi droppa Melhusfossen og heldt stø kurs nordover forbi Spilling, Hægebostad, Vigmostad og Tryland. Men på Gislefoss stoppa vi og tenkte på vermeldinga i NRK som hadde lova oss kraftig regnver denne dagen. Der tok vi einaste bilete på turen, teke frå fiskerampen for funksjonshemma, det syner lagleg ver og lite vatn i fossen.

Ikkje lenge etter var det tid for stopp på Konsmo. Eg trur eg få fortelje om det ein annan dag.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *