Ovmett

Share

Sjølv med eit gull i dagens OL merkar vi at vi held på å bli ovmette. Det er grenser for kor mykje sport vi kan tole på TV, og når kvar einaste kveld er fylt med OL, kan ein verte ovmett om ein er aldri så glad i å sjå folk konkurrere. No vart det gull til Eirik Verås Larsen i dag, det var jo ein bonus, endeleg ein nordmann med medalje, og så gleder vi oss over at Andreas Thorkildsen kvalifiserte seg og kunne nøye seg med to kast i denne omgangen. I morgon er det semifinale i handball, men då er vi på tur. Barnebarna skal heim til Nittedal, så vi har funne ut at vi skal møtast på halvvegen, pappa Lars Gustav startar i tretida og det same gjer vi, så får vi sjå kor det er lagleg å treffast.

At det var siste kvelden saman, feira vi med is, det verkar som om Håkon og Kristine kunne hatt glede av å ha ein slektning som jobba på iskremfabrikk, for dei er nokså ustoppelege. Dagens middag var ei stor fleskepannekake, det er populær mat hos oss, men med is til forrett, vi måtte jo feire gullet, og så ei god pannekake, så vart vi ovmette der og. Etter ein kvil kunne vi likevel glede oss over meir godt, så sommardagar på Sørlandet har vel helst stått i nytinga sitt teikn. No er det imidlertid slutt. Dei små reiser heim, etter ei veke med fotballskule for dei ventar skulekvardag på nokon kvar. I grunnen er det godt at vi snart skal kome i gang att. Nye dagar og nye oppgåver å løyse. Best å ikkje vere ovmett då.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *