Planlegging

Share

I morgon er det planlegging av hausten for staben i Valle Radio. Ørnulf har sendt ut innkalling til å møte på Sølvgarden klokka 18, og etter planlegginga vert det felles middag. På denne måten kan alle i staben kome med innspel om korleis hausten skal verte, og så vil ein ha eit godt grunnlag for det som skal skje utover. Sesongen startar opp i september, og det er snart bare to veker til.

Valle Radio vil vere aktuell, så eg trur ikkje det er mange av oss programleiarar som har laga program i sommar, sjølv om det har vore mange arrangement ein kunne laga program om. Planlegginga skjer helst frå veke til veke, i alle fall har det vore slik til no. Kan hende vil opplegget i morgon gje høve til meir langsiktig planlegging, med tema for program ein har lyst å lage i løpet av hausten.

Uansett korleis ein legg det opp, det er strålande at folk vil skape nærradio også komande haust. Det skjer mykje i nærmiljøet, så det bør vere råd å få til gode program både tysdagar og onsdagar om ein umakar seg litt. Både programleiarar og intervjuobjekt bør gjere det, om det skal lukkast. Difor skulle eg ønske at folk som blir spurde om å vere med i radioen, svara ja og stilte opp når det var bruk for dei. Eg veit nok at det ikkje alltid er slik, men eit ønske kan ein jo ha.

Sjølv er eg glad for samarbeidet med Norea Radio som eg har hatt tysdagskveldane. Det gjev oss opning mot kyrkje- og kristenliv også utanfor Setesdal, og det kan vere av interesse for mange. Også i Valle er det mange som fylgjer med på Visjon Norge og dei kristne kanalane på TV. Norea syner ei noko anna side av kristenlivet og ein kan vel seie at også det har mange sider som kan speglast på ulike måtar.

Vel møtt til ein ny radiosesong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *