Planlegging på Sølvgarden

Share

I kveld var det planleggingsmøte på Sølvgarden klokka 18. Vi brukte halvannan time saman på å gå gjennom planar for hausten, det er alltid noko som skal justerast og orienterast om. Det var ein nyttig måte å gjere det på, for då kunne programleiarar, teknikarar og andre medarbeidarar kome med innspel om det som ikkje høvde i skissa som Ørnulf hadde laga til opplegg for hausten. Det er jo betre å ordne slikt på førehand enn å måtte justere i ettertid. No stod heile planen for hausten på veggen og ein kunne kome med innspel direkte.

Sjølv var eg sett opp på sauesjåsending, men det er ein fredag og då likar eg å reise til Mandal, så den fekk eg bytta vekk. I det heile var det eit nyttig møte, ikkje bare sendeplan, men og tilhøve rundt sendingane vart drøfta. Etter ein pause er Øyvind Jacob med att som programleiar i haust. Vi startar sendingane med kommunestyremøte 29. august, og så er vi i gang att med ordinære sendingar når septemer tikkar inn. Eg fekk gleda av å ha første programmet til hausten, så går det slag i slag utover.

Etter ei god planleggingsøkt var det felles middag for alle. Der gjekk praten rundt laust og fast slik det ofte er når 10 personar sit rundt eit langbord, små grupper som snakkar saman om svært ulike emne. Sjølv fekk eg eit lite innblikk i arbeidet i Brokke Naturkjøt, stuten Buddy har jo blitt ganske kjent for å ha gjeve folk ein og annan luftetur. Øyvind hadde mykje å fortelje om arbeidet med å halde kulturlandskapet i hevd i Garo med dexter-kyr, så kvelden gjekk fort i triveleg selskap.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *