Tre tusen artiklar

Share

I dag runda Setesdalswiki tre tusen artiklar. Det er grunn til å glede seg, synest eg. Artikkelen som vart nr. 3000 var ein artikkel om Longerak skriven av Siri J og før den kom, hadde ho skrive små artiklar om bruka der, så plutseleg hoppa talet på artiklar frå 2992 til 3000. Her er lenke til artikkel nr. 3000: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Longerak

Bloggen har i skrivande stund 2923 artiklar. Eg har eit mål om å nå 3000 også her, men det ligg nokre dagar fram i tid. I oktober er det 7 år sidan eg starta bloggen, det var i 2005. Men eg startar i dag opp ein ny blogg, og med tida vil eg flytte over dit. Den ligg på http://blog.setesdalswiki.no og er mindre prega av annonser enn denne bloggen med sine blinkande distraheringar. Eg vil likevel la det gå litt tid.

Takk til Helge Haugland som i sommarferien har sett opp ein blogg for meg på nettstaden til Setesdalswiki. Det høver jo godt, då kan eg skrive om saker relatert til Setesdalswiki så vel som det eg før har skrive om relatert til Valle Radio. Eg vil nok og gå innom emne som eg finn interessante av utanfor desse emna. Eg har fundert ein del på namn på bloggen der, men trur Blogg for Harald skulle høve like godt som noko anna. I alle fall er det det eg tenkjer i dag.

Eg ville verte glad om du som les dette også legg turen innom den nye bloggen min. Då vil du sjå bilete, det har eg ikkje brukt her. Kor mykje det vert, er vanskeleg å seie, men eg vonar at eg kan bruke bilete der framover.

Så vender eg tilbake til dei tre tusen artiklane på Setesdalswiki. Der er noko for alle som er interessert i stoff relatert til Setesdal, hadde eg tenkt. Men det hadde vore spennande om fleire vart med i skrivinga. Dei tre tusen artiklane er skrivne på tre år og tre månader, noko som gjev ein produksjon på om lag tusen artiklar i året. Om fleire vart med, ville produksjonen nok auke raskare, til beste for Setesdal som heilskap, grender og folk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *