Måndagskveld i radiostudio

Share

Eg vart sitjande i radioen i kveld. Eg hadde fått Bjørgulv T. Berg til å ta opp gudstenesta i Hylestad kyrkje sundag 2. september. Den skal eg sende i morgon kveld, men eg ville høyre gjennom opptaket og sjå litt korleis eg skulle bruke det. I tillegg var det litt anna som skulle førebuast.

Om du blir med i sendinga i morgon kveld, vil du som var i kyrkja få eit gjenhøyr med ein fin gudsteneste og du som ikkje var der, vil få oppleve ein ny liturgi. Ikkje så ny at ein ikkje kjenner seg att, men likvel med endringar som skal gjelde i Hylestad kyrkje dei neste tre åra, som visstnok er prøveperioden, etter det eg forstod. Det var kyrkjelydsmøte etter gudstenesta, der kunne folk seie det dei meinte, men eg forstod på Bjørgulv at det ikkje var innvendingar til å ta i bruk den nye liturgien. Her er lenke til den nye liturgien Fristen for å ta den i bruk er 1. sundag i advent 2012.

Eit element som har vore borte i gudstenesteliturgien i mange år er klokkarbøna. No er den komen inn igjen, og det er nok mange som synest det var ei god endring. Så er syndsvedkjenninga flytta inn saman med bøna etter preika, det opplevde eg og som ei god endring.

Gudstenesta på sundag var det sokneprest Terje Seilskjær som hadde. Det er første gong vi høyrer ei preike av han i Valle Radio, og den var god å høyre. Eg gledde meg og over orgelspelet til organist Tonhild Kråkenes, det var høveleg til gudstenesta i Hylestad kyrkje.

I morgon kan du altså høyre dette i Valle Radio om du set på radioen. Vonleg fungerer også nettradioen vår, så du får høyre det om du ikkje er i det analoge nedslagsfeltet vårt. Programsida for tysdagskvelden finn du på Setesdalswiki, og der er det og lenke til nettradiosida.