Omkalfatring

Share

I Kommunen informerer-halvtimen i Valle Radio i går var det Elise Marie Kringen som var med. Ho fortalde litt om omkalfatringane som no skjer på Valle skule i og med at barneskulefløyen vert riven. Før neste skuleår skal det stå ferdig sju nye klasserom. Det nye bygget vert litt breiare enn det gamle, det kjem nokre utbygg, det gjer at vegen på nordsida av skulen må flyttast litt nordover mot Spelestoga. Etter det eg kunne forstå, er dei i gang med grunnarbeidet for dette alt no, noko som vel og er nødvendig for at bygginga skal kunne gå framover.

Men elevane som tidlegare har hatt sine klasserom i eigen fløy er no i midtfløyen på skulen. Elise Marie fortalde om opp-pussinga som har blitt gjort i kjellaren for å ta imot elevane der, det er blitt lyse og fine rom der. I tillegg har ein teke i bruk rom som kulturskulen tidlegare disponerte i tredje etasje i midtbygget. Kulturskulen har flytta til spelestoga, og på toppen av midtbygget har dei strålande utsikt mot Otra, så ho trudde ikkje dei elevane klaga noko særleg.

Alle må tilpasse seg i ein slik ombyggings-situasjon, og det er jo ikkje heilt smertefritt, men alle gleder seg til dei nye klasseroma skal verte klare til neste skuleår.

Eg lufta og spørsmålet om nye medarbeidarar, det var visst ikkje så mange nye, men 1. klasse på Valle skule sin lærar er ny i bygda i år, Kristine Kleiveland. Den klassen er for øvrig ein av dei minste klassane ein har hatt på Valle skule, bare fire elevar.

I dag var eg på møte i Utdanningsforbundet. Der var det spørsmål om vi skulle ha eit møte i haust om pensjonsspørsmål. Ei rask opptelling synte at det kunne vere mellom fem og ti tilsette i skulesektoren i Valle som nærmar seg pensjonering. Det vil kanskje bli ein like stor omkalfatring i skulesektoren som ombygging av Valle skule når det skjer.