Førarkort

Share

I Open sending onsdagskvelden var Kjellaug Rysstad på tråden. Ho hadde ei interessant soge å fortelje. Same dagen hadde ho møtt ein av dei burmesiske flyktningane som bur i Valle i Kristiansand og kjørt han til trafikkstasjonen, der han hadde prøvd seg på teoritesten til førarprøven. Det var ikkje fyrste gongen, men denne gongen klarte han det og Kjellaug gledde seg mest like mykje som eleven.

Deretter hadde dei teke buss til Froland, der flyktningen, som er leigebuar i huset hennar i Valle, hadde ståande ein bil han hadde kjøpt. Så køyrde ho bilen til Valle for han, og jublen var stor då dei kom til Valle om kvelden. Dette fortalde ho i Valle Radio onsdagskvelden og oppmoda folk i Valle til å hjelpe burmesarane med øvingskøyring slik at dei fekk nok køyretrening til å kunne ta førarkortet.

No er det tre av burmesarane som har kjøpt seg bil utan å ha førarkort. Dei vonar at norske venner kan hjelpe dei med øvingskjøring med deira bilar, slik at om det blir problem, er det ikkje andre sine bilar det går ut over. Måndag kjem Evje Trafikkskule til Valle for å halde kurs og å ha køyretimar med elevane. Dermed slepp dei å bruke lange dagar på å reise til Evje, ha ein time eller to med køyring og så vente til kvelden for å kome seg heim att.

Førarkort er nok noko av det viktigaste flyktningane kan skaffe seg for å kunne få seg arbeid i nærleiken. Nesten alt arbeid vil vere lenger borte enn det er naturleg å gå eller sykle til jobb. Med førarkort kan dei kome seg til Rysstad eller Bykle, så marknaden for å skaffe seg jobb blir sterkt utvida. Når ein så veit at dei helst vil bli buande i Valle og ikkje flytte til ein by på Austlandet, burde vi gjere det vi kan for å hjelpe dei til å realisere draumen om å få bli buande her. Vi såg jo på biletet av 1. klasse på Valle skule, det var to burmesiske barn og to norske, så vi treng alle innbyggarane som kan tenkje seg å bu i bygda.