Om bleka og førarkort

Share

I sendinga onsdagskvelden hadde Ronny Stavsholt fått med seg Toralv Andersen den første halvtimen. Dei snakka om bleka, laksefisken som no etter kvart etablerer seg i Byglandsfjorden att. Etter det eg forstod har det blitt sett ut fisk heilt opp til Hallandsfossen, så ein voner at det vert bleke å fiske også her oppe. I gamle dagar fekk ein bleke så langt opp som Flåne, i gode tider kunne folk få 200 fiskar på ein kveld. Då lystra dei etter fisk, det er vel ikkje lovleg i våre dagar, kunne Toralv Andersen fortelje.

Dei kom innom litt av kvart når det gjeld fisk og fiske, og mellom anna problemet med krypsiv. Opprensking har gjort tilhøva noko betre, og då gyter auren att. I programmet Kommunen informerer kunne ordførar Tarald Myrum fortelje at det no skulle gjerast ein jobb i Harstadbassenget med krypsivrensking, det var sikkert godt nytt for fiskeentusiasten frå Rysstad.

Neste tema i Aktuell time var førarkort for tilhengar. Dei som har førarkort klasse B kan ikkje lenger kjøre med tilhengar, så difor har Evje Trafikkskole hatt kurs i Valle for folk som vil skaffe seg lovleg rett til å køyre med båten og scooteren på hengar, eller campingvogna. Ronny hadde mange spørsmål, og Troy Flottorp svarte på ståande fot på alt saman. Han kunne det meste, verka det som og om det var folk som ikkje hadde fått med seg kurset som hadde vore denne veka, kunne dei ta kontakt med Jostein Kjelleberg på Motellet, så ville han organisere eit nytt kurs.

Ronny visste nok ikkje at same dagen var det fire av dei burmesiske flyktningane som fekk sine første kjøretimar etter å ha vore med på førstehjelpskurs, der det var 16 deltakarar. Så det er mange som jobbar med førarkort-problematikk i Valle denne hausten.

Siste tema var problemet med å få badevakt i symjehallen. Ettersom ein ikkje har fått det, er det ikkje offentleg bading no. Men det har visst kome søkjarar, så etter kvart vil nok hallen verte opna att. Ronny kunne fortelje at han hadde vore på symjekonkurranse i hallen då hallen var ny, då var det laga landskamp mellom Vågsbygd og Vejle i Danmark. Sjå elles Setesdalswiki for meir om onsdagssendinga: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20120912