På trynet

Share

Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Best som du går der, så ligg du der. På trynet. Det skjedde meg i går kveld, vi hadde vore i Mandal på eit møte og skulle inn i huset vårt. Og plutseleg låg eg der, med ansiktet i nyslått plen. Ettersom eg hadde hendene fulle, rakk eg ikkje å ta meg for heller.

For oss som er store er det ikkje bare bare å kome seg opp frå horisontalen heller, vi vil helst ha noko å basere løftet på. Så eg kauka på kona, ho var gått inn før meg, og då ho fekk sjå meg, kom ut med noko eg kunne støtte meg på, og smått om senn kom eg meg opp i vertikalen. Men venstre kneet likte korkje fallet eller løftet, så no er eg bare halvt førleg i høve til før.

Eg kan ikkje fri meg frå tanken på at det kunne ha gått mykje verre. Eg kunne treft trappa eller blomsterpotta som eg landa ved sida av. I staden trefte eg mjukt gras, kona lo helst litt av meg då ho såg meg med grastuster på hake og nase og panne. Å gå på trynet unnar eg ingen.