Kommunen informerer 20. september 2012

Share

I går kveld var Torleif Homme gjest i programmet Kommunen informerer i Valle Radio. Han nådde å fortelje om fire saker før halvtimen var gått:

1. Om beredskapsøving tysdagskvelden: Ei bussulukke på vegen mellom Løyland og Røysland. Elevar i 10. klasse var markørar. Det er viktig å trene for folka i redningsetaten, slik at ein kan takle situasjonen om det skulle skje ei ulukke. Denne gongen var bussen velta, og folk måtte ut av bussen, det verka ganske dramatisk, fortalde Torleif.

I dag fekk eg høyre at det og hadde vore problem under øvinga, mellom anna verka visst ikkje alarmen på legekontoret, så legane vart ikkje varsla. Ein får vone at om det verkeleg skulle skje noko, så har ein retta opp dette.

2. Ombygging av Valle skule. Barneskulebygningen frå omkring 1970-talet er no riven og nytt bygg skal oppførast. Dette er eit stort prosjekt, i nyare tid er det kanskje bare idrettshallen som har vore større. Det vil alltid følgje med ulemper, men Torleif vona at tanken på det nye som skulle kome ville hjelpe dei som var råka av ulempene til å takle situasjonen.

3. Planarbeid for Valle sentrum. Arkeologisk utgraving starta i dag, fekk vi høyre. Etter det eg observerte, måtte det vere noko utgraving sør for politiet og NAV. Medan han var i studio, var det møte i formannskapet, som vedtok å løyve 500.000 kroner til eit prosjekt som inneber signalbygg der Menighetshuset ligg. Eg kjem attende til det i ein seinare bloggpost.

4. Området ovanfor Leite, Prestegardsskogen, skal utviklast med turstiar. Prosjektet startast neste veke med Uppstad Transport & Anlegg som entreprenør. Ein har fått statlege pengar til dette prosjektet.

Meir om programmet denne onsdagskvelden kan du lese på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20120919