"Stadutvikling Valle sentrum – sentrumsbygg"

Share

Eg skreiv i går at eg ville kome tilbake til dette. Formannskapet vedtok onsdagskvelden å løyve ein halv million kroner til «Stadutvikling Valle sentrum – sentrumsbygg». Utgangspunktet er at daglegvarebutikkane i sentrum har vore på jakt etter tomter for å bygge nye butikkar, dei noverande butikkane er ikkje tilpassa dagens situasjon, og vi ser alle problema det er med å levere varer, særleg til Jokerbutikken. Difor ville dei slå to fluer i ein smekk og flytte ned mot riksvegen, då kunne dei og få fleire kunder ved at gjennomgangstrafikken kanskje stoppa.

Men det er jo eit problem: Om daglegvarebutikkane flytter ut av sentrum, vil sentrum bli ganske tomt. Etter mi meining vil det særleg gjelde om Coop flytter, dei har post, tipping og apotekutsal, så folk flest må innom der. Om Joker flytta ned mot RV9 ville framleis folk ta turen i sentrum for ærend til Coop. Men om Coop flytta ned, ville nok sentrum ikkje vere så attraktivt.

Det er jo kommunen som legg til rette for næringsutvikling, og spørsmålet om å regulere landbrukseigedom til handel sit nok langt inne i ein kommune styrt av Senterpartiet. Ettersom ordførar Tarald Myrum eig mykje av jorda det er snakk om, er han ugild i kommunen si handsaming av dette. Men Senterpartiet er ikkje glad i å omregulere landbrukseigedomar, så ein har leita etter andre løysingar enn å flytte daglegvarebutikkane ned mot vegen.

No siterer eg frå saksutgreiinga til formannskapet onsdag:

Kva er gjort fram til no?
Administrasjonen har tatt initiativ til å utarbeide ein visjon til korleis eit framtidig sentrum kan sjå ut og kva det kan innehalde. Til å hjelpe oss med å komme med idear til korleis ein kan utvikle staden Valle har vi engasjert arkitekt Ola Roald. Roald er engasjert i stadutvikling fleire stader i Norge, mellom anna i Bardu og Iveland. Han har vunne Statens byggeskikkpris, er mykje brukt som foredragshaldar og er også engasjert i forsking og utvikling, spesielt innafor bruk av tre som materiale.

Grunnlagsdokumenta arkitekt Ola Roald fekk var områdeplan for Valle sentrum (ikkje endeleg politisk vedtatt enno), ”Strategisk plan for kultur og næring 2011-2015”, masteroppgåva «Tidsreisa» og planen for utvikling av Prestegardsskogen frilufts- og aktivitetsområde.

Roald slår fast at dersom vi ønskjer å behalde eit sentrum der det ligg i dag, må ein starte med fortetting der, og ikkje spreie verksemder og aktivitetar utover. Alle erfaringar tilseier at dersom vi legg nye næringar og aktivitetar nede ved rv 9 no, fører dette til ei ny lokalisering av aktivitet, og det vil føre til at det vi kjenner som sentrum i dag vil bli tømt for sine funksjonar. Det næringslivet vi har i sentrum i dag vil bli utarma og mindre variert.