Ein uvanleg dag

Share

I dag tok eg turen til Valle Bil og Maskin for å få ny lyspære til bilen. Utanfor i morgongryet stod Daniel Rike, han hadde avtalt EU-kontroll for bilen. Vi gjekk saman på Bibelskulen i Staffeldtsgate i 1966 før han reiste ut i Sjømannsmisjonen. Etter at eg kom hit til Valle, har vi møtt kvarandre med ujamne mellomrom, alltid triveleg.

I dag vart han med opp i klassen min og fekk helse på elevane mine. Dei prata saman og fortalde om bakgrunnen sin og om korleis dei trivst i Valle. På slutten fekk han høyre sang av klassen med Øystein ved pianoet, det var ei oppleving for alle. I tillegg fekk han høyre Erna syngje til gitarakkompagnement av Michael, og det var inspirerande vakkert.

Mot slutten av skuledagen kom det ein telefon om at elevane no måtte ta turen i hagen og plukke epler. Det førte til at eg fann oppskrift på eplekake og gjekk ein tur på Coop Valle for å få ingrediensar. Så gjekk damene i gang med å prøve seg på norsk eplekake, noko dei ikkje hadde gjort før. -Om vi får jobbe med matlaging, er det lettare å lære norsk, sa ein av elevane til meg. Dette likte dei.