Haustferie

Share

Så er det haustferietid. Elgen går utrygt i skogane, eg har sett bilete av slakt kome ned frå heia med helikopter også i år. Kanskje ikkje så mange som tek opp poteter i haustferien no lenger, det går helst automatisk for dei med større avlingar, og i hagane plukkar ein vel litt no og då. Elevane på Valle Vaksenopplæring gjorde unna potethausten for eit par veker sidan. Siste veka var det tid for å plukke epler i hagen som høyrer til Kjelleberghuset. Huset står tomt akkurat no, men eplene veks jo, så dei plukka nokre nett og nytta til kaker og anna godt. Eplekake med krem er ikkje å forakte.

I år har det vore smått med plommer i butikkane, og endå mindre av frukt i hagen min i Mandal, der fraus blomane i vår og trea står utan frukt. Plommene verkar å vere prisa høgare en nokon sinne, men eg unna meg nokre, det er ikkje haust utan å ha smakt dei i alle fall. Men dei må vere norske, av ein eller annan grunn er plommer frå lenger sør i Europa ikkje så smakfulle og saftige.

Mor på 95 kom på besøk denne helga, så vi hadde eplekake med is. Det er ikkje å forakte, det heller. Så gjekk praten om laust og fast ut over kvelden. Syster mi og mannen nytta og ei langhelg til å kome saman med henne til Sørlandet, og dei fann høve til ein spasertur mellom regnbygene.

Sjølv unna eg meg å skrive om Lille Gyvatn på Setesdalswiki i dag etter at eg hadde lagt inn overskriftene frå siste nummer av Setesdølen. Så veks vårt regionale leksikon også når det er ferie. Kan hende finn eg nokre gamle aviser eg kan legge inn overskrifter frå, då dukkar det nok opp noko eg kan skrive artiklar om og.