Mellom Lille Gyvatn og Launes

Share

I går skreiv eg om Lille Gyvatn i Bygland på Setesdalswiki. I dag utvida Reidar Tveito artikkelen og la til bilete av vatnet. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lille_Gyvatn Slik skal Setesdalswiki fungere. Den som veit noko, fyller på artiklane slik at folk får vite meir når dei les artiklane. Samla aukar då kunnskapen om Setesdal for alle.

Som eg fortalde i går, fekk vi besøk vestfrå til Mandal denne helga. I går var dei på spasertur i nabolaget og kom heim att våte som kråker etter å ha fått ei skikkeleg byge over seg. Paraply var ikkje nok til å unngå av sko og klede fekk seg ei bløyte, så i natt stod det tre par sko på badet og prøvde å bli turre att.

Klok av skade tok eg svogeren med på biltur i dag. Vi trilla på svingete vegar til Tregde, Eigebrekk, Harkmark, Ås, Launes, Fuglevik, Dal og Eid før vi snudde heimover via Valand, Håland, Ime og Jåbekk. Undervegs prata vi på telefon med svigersonen til svogeren min og fekk vete kor sommarhuset deira låg. Det var på vegar eg neppe hadde våga meg inn på om ikkje han hadde vore vegvisar over telefon. Kan hende vil dei ha det slik, det reduserer trafikken til å vere dei som har noko der å gjere. Vi fann huset, putekassen hadde vinden velta, nokre blomar stod og på hovudet, så vi gjorde dagens gode gjerning då vi fekk det på rett kjøl att og vonar at neste hauststorm ikkje kjem før huseigarane har vore på hyttetur og berga det som står ute.

Lengst aust i Mandal kommune stikk Tånes og Launes ut i havet, små fjordar og viker stikk seg inn og gjev mange lune plassar der folk kan setje opp hytter. Og hytter har det blitt, men det er visst plass til fleire, for vi så tomter til sals for ein halv million der vi trilla. Det var og hytter for sal i området. Og sjølv om det er mange turistar her om sommaren, kan folk ha det nokså roleg i sine små viker og bukter. Frå landsida er det i alle fall vanskeleg å finne dei.

Vel heime venta middag med rådyr og sviskegrøt på menyen. Det var verd å vente på, rådyr frå Hylestad er snadder anten ein et det i Mandal eller Setesdal.