Det renn

Share

Det renn frå nasen i kveld, det er ikkje ganske godt, for papirlommetørkleet vert fullt på ein augneblenk, og så må eg ha ein ny runde. Det var ikkje slik eg tenkte helga skulle bli, eg trudde meir på at eg skulle skrive meg til 3100 artiklar på Setesdalswiki før dagen i dag ebba ut, men eg har enno 15 att, så eg kjem ikkje til å klare det. Ikkje har eg prøvd så veldig heller, ein vert så daff når snuen renn og ein sit der og snufsar, og så går ein og legg seg og tenkjer at ein skal sove det av seg, men det gjer ein jo ikkje. Tvert om, ein vaknar med nasen full av snue og trivlar etter rullen med papirlommetørkle for å få vekk noko av det som renn.

Så i dag har eg bare laga ein artikkel om gårsdagens Setesdølen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._69,_2012 og ein artikkel om musikkvideoen Riket i to http://www.setesdalswiki.no/wiki/Riket_i_to på Setesdalswiki, det er jo ikkje så mykje. Mange raude lenker vart det og i begge artiklane, så eg har mykje å skrive før dei er blå. I grunnen er det rart kor ofte eg endar opp med raude lenker, sjølv om eg no har over 3000 artiklar på Setesdalswiki. Det er sikkert like mange raude lenker, det vil seie artiklar som manglar.

I dag er det 1. september, det er 50 år sidan siste toget gjekk på Setesdalsbanen. I går var det ein fin reportasje om det i Sørlandssendinga med ein interessant film frå siste toget. Men Fædrelandsvennen hadde bare ein artikkel om konflikten mellom dei som driv museumsbanen, det har vi no høyrt om så mange gonger før, dei kunne vel leita fram noko arkivstoff, alt gjekk vel ikkje med i brannen i Fædrelandsvennen. Og Setesdølen har vel knapt hatt ei linje om saka med unntak av eit bilete dei hadde for ei veke sidan. Det hadde vore greitt å skrive om dei ville nytte boka til Reidar Tveito, då kunne dei sikkert fått låne bileta av han og, og så kunne dei hatt ei side om hendinga. I morgon skal det kome ein heil buss med jernbaneentusiastar til Byglandsfjord for å sjå på restane der, kan hende Setesdølen vil dekke det.

Mens eg tastar ned desse orda, renn nasen min som ei Otra ovanom Hovden, ei tynn stripe. Eg får vone at han ikkje vert som ved utløpet i Kristiansand, då spørs det om eg kjem meg på skulen att til måndag. Men det bør eg, for eg skal ha radio både tysdag og onsdag i neste veke, vonar det stoggar til dess, elles vert eg vel sitjande der og snufse som ei anna gråtekone.

God natt til dykk som les dette i kveld, vonar at de slepp å få slik ein rennande nase.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *