Gullsmed og fluefiske

Share

I den aktuelle timen i kveld hadde Ørnulf Hasla laga intervju med deltakarane i Norsk Mesterskap i gullsmedkunst som vart arrangert på Valle vidaregåande skule. Han intervjua og leiaren i forbundet som arrangerer konkurransen, og så snakka eg med Lex de Jong og Jaana Ahola i studio. Dei to lærarane på skulen hadde hatt travle, men inspirerande dagar medan konkurransen gjekk, og dei meinte ein slik konkurranse var til inspirasjon for elevane.

Dei fortalde og at midt i konkurransen kom og seks utvekslingselevar frå Tyskland, Finland og Nederland til skulen. Dei skal vere i Valle i tre månader, og seks elevar frå Valle er på same tid på utveksling i dei same landa. Lærarane såg stor skilnad på elevane frå før dei reiste og til dei kom heim att, dei meinte ei slik utveksling var viktig læring for dei som fekk vere med på det. Her i Valle legg dei vekt på å undervise i filigransarbeid medan utvekslingselevane er her.

Etter at dei hadde vore med mest ein halvtime, kom Ronny Stavsholt i studio. Han har vore dommar på VM i flugekasting på Fagernes. Han fortalde om sporten, ein konkurranse med over 80 deltakarar frå 16 land. Det er andre gongen arrangementet er på Fagernes, der dei har tilrettelagd for arrangementet på ein flott måte. Men han vona at det neste år ville bli lagd til eit anna land.

VM i casting vart halde i Tallin i Estland. Der var han ikkje hovuddommar, som på Fagernes, men vanleg dommar. Casting skjer på land i motsetning til fluekasting, som skjer i vatn. Dei som skal kaste, må treffe blinkar som er 8 til 15 meter borte, og dei har 20 kast og får fem poeng for kvart treff. For å kome til finalen må ein treffe alle blinkane, det vert den som har best tid som går vidare.

Interessant at ein av medarbeidarane våre i Valle Radio har ein slik hobby, sjølv om han ikkje no praktiserer sporten, men fungerer som instruktør og dommar.

Siste del av den aktuelle timen snakka eg på telefon med Tor Egil Vaule Andersen om innspelinga av musikkvideoen Riket i to, som foregjekk på Brokke-Suleskarvegen gjennom eit heilt år. Han var svært takksam for hjelp og støtte frå folk i Setesdal og Valle.

Med det slutta den aktuelle timen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *