300 postludium med Niklos

Share

Tysdag 23. oktober hadde Niklos K. Besteland sitt Postludium nr. 300 i Valle Radio. Heilt sidan vi starta tysdagsprogramma i januar 1998, har Niklos vore med i desse halvtimes programma med orgel- og kyrkjemusikk. Det er dei einaste faste programma i sin sjanger i norsk radioverd, så langt eg og han kjenner til. For lenger tilbake hadde NRK ein programserie som heitte Klang i katedralen, men no er det knapt råd å høyre orgelmusikk eller vokal kyrkjemusikk på riksdekkande kanal. Unntaket er om natta, då sender P2 Notturno, og der kan det av og til kome musikk i denne sjangeren.

Det er likevel mange som set pris på kyrkjemusikk, både orgelmusikk og vokalmusikk er av og til med i Ring inn musikken på laurdagsmorgonen. Då er det lyttarane som vel musikken, ikkje programleiarane, sjølv om eg nok har ein mistanke om at dei sorterer litt blant dei som ringer inn og dermed har høve til å ikkje sleppe fram ein som ynskjer denne musikken.

Gjennom åra har Niklos delt med seg frå si rikhaldige samling av plater. Då vi starta, hadde han 170 LP-plater. Sidan er mediet blitt cd-plater, men framleis kjem han og med musikk på LP-plater. Dei er ikkje så lette å bruke, men med litt hjelp frå han, fungerer det teknisk, og vi har ikkje teke bort platespelaren, nettopp fordi Niklos nyttar LP-plater.

Han har hatt ein fast mal for kommentarane sine. Vi får informasjon om komponisten, utøvaren og orgelet. Han likar og best å starte med den eldste komponisten og avslutte med den yngste. Du som trudde at eit orgel er eit orgel, må tru om att. Kvart instrument har sitt særpreg, og klangen i rommet av sterke og svake stemmer er med på å forme musikken. Han er nok spesielt glad i fransk orgelmusikk, Niklos, og tysdagskvelden var det fransk kyrkjemusikk som stod på programmet:

1. Charles Marie Widor (1844-1937): Tu es Petrus. Motett for kor og orgel. Opus 23, nr 2. Koret i Westminster Cathedral, dirigent James o’Donnel. Organist Joseph Cullen
2. Eugene Gigout (1844-1925): Scherzo i E-dur. Frå samlinga Dix piéces pour orgue nr. 8. Organist Bernard Bartelink på orgelet i St. Bavo-katedralen i Haarlem
3. Lois Vierne (1870-1937): Ave Maria. Motett for kor og orgel. Som nr 1.
4. Marcel Dupré (1886-1971): Cortége et Litanie. Frå samlinga Quatre piéces nr. 2. Organist Michael Murray på orgelet i St. John the Divine Cathedral i New York

Takk for 300 program i Valle Radio, Niklos K. Besteland!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *