Kim André Rysstad

Share

I kveld var Kim André Rysstad med i Beat for Beat og der synte han ei anna side av seg sjølv enn den vi har sett gjennom platene hans. Eg lurte på korleis det skulle gå med han i programmet, som jo alt for ofte nyttar engelske songar. Rett nok visste eg at han elskar Whitney, men det er jo så mykje meir.

Så kjem han inn og overtyder oss der og, strålande framføring og overtydande engasjement. Partnaren Mari Klingen presenterte seg som svært oppteken av vokalsang, Kim song så taket lyfta seg som den flotte vokalisten han er. Sanneleg fekk han plass til eit stev og:

Det lypte lett i dei spræke gute,
an sto å jala på Svorvarnutæ.
An fimnde ut i mot verdi vi,
å ba om vengje for åndi si.

Men då an augo mot dale vende,
an fekk a glimt av a ljosklætt kvende.
Då utfærshugjen ass kvorv som eim,
å an lengta atte ti dale heim

Torgeir Drengsson Bjørnarå (1864-1951)

Rett nok tok han bare det første verset av stevet, og programleiaren Ivar Dyrhaug lurte svært på Svorvarnuten, men Kim fleipa bort fakta, noko som var heilt naturleg i programmet. Her kan du sjå kor fjellet ligg: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Svorvaren

Kveldens program hadde styrke nettopp fordi det var prega av norsk musikk, ikkje bare den engelske, til og med folkemusikk, og Aasmund Nordstoga, som driv garden der Aasmund Olavson Vinje vaks opp, var saman med den musikalske makkeren sin, Lena Jinnergren, ein god match for Kim og Mari.

Endåtil allsang vart det, då den eine sangen var Alle fugler. Det kunne ein gjort meir av i programmet, her var det tilløp til fleirstemt sang. Eit strålande program, eg måtte sjå heile programmet før eg gjekk over til landskampen i fotball. Heldigvis klarte Norge uavgjort, så vart det ingen nedtur der heller, og då var det i grunnen nok TV-sjåing ein fredagskveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *