Kulturveka 2012

Share

Så har dagen kome. Kulturveka 2012 tjuvstarta med opning av maleriutstillinga til Kristin Brokke i Frikyrkja klokk 12 og seminar om vallemal.no i kommunestyresalen frå klokka 15 til 18. Eg diskuterte det med elevane mine fredag, det kunne nok hende dei gjekk på maleriutstillinga, men seminaret om vallemal.no ville dei nok droppe. Dialekt er vanskeleg, sa dei. Sjølv reiste eg til Mandal som vanleg fredagskvelden, så ingen av alternativa var aktuelle for meg.

I staden hadde eg tenkt å bruke litt tid på å bringe Setesdalswiki vidare. Men fredagskvelden gjekk som han så ofte gjer, TV er ein sterk magnet fredagskveldane. Så skulle eg prøve laurdagen, men då vart eg sitjande å sjå på bryllaupet til Guillaume og Stephanie av Luxembourg, så det var langt utpå dagen før eg skreiv inn overskriftene i siste nummer av Setesdølen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._83,_2012 Deretter skreiv eg om talaren på Normisjon si haustmesse i Otrahallen i dag, Erik Albert, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Erik_Albert Det var artikkel nr. 3299, og så tenkte eg at nokon annan kunne få æra av å runde eit nytt hundretal, men det gjekk nokre timar, og det kom ingen annan, så då skreiv eg om Kristin Brokke. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kristin_Brokke

Dermed vart det tre nye artiklar i dag. Innimellom TV-titting og ein tur på butikken. Så går vi i gang med kulturveka for fullt i morgon, og då går vi og i gang med eit nytt hundretal på Setesdalswiki. Vi kjem nok ikkje i mål med hundre artiklar innan kulturveka ebbar ut, men vi får bare halde på jamnt og trutt, så veks vårt regionale leksikon og vert ein kulturskatt, det og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *