Platespelaren fungerer

Share

Eg fekk raskt svar frå Jørund Georg, jo platespelaren skal fungere no. I kveld var det ikkje sending i Valle Radio, eg har haustferie og er i Mandal. I morgon er det heller ikkje sending, for fredag er det sauesjåsending til heile Setesdal. Det er Ronny Stavsholt som skal ha ansvaret for den.

Mange meiner at det er godt gjort å halde ut med dugnadsradio år etter år. I år er det 15 år sidan første sendinga gjekk på lufta, det var i desember og vi hadde studio i det gamle kommunehuset. Ei så lita bygd som Valle, kan ein ha så mykje å lage radio om.

Stoff er ikkje vanskeleg å finne. Det går greitt å finne stoff til aktuell time dei fleste gongene. Og ein kan jo fylle på med litt musikk. Problemet er vel heller å ha folk til å gjennomføre det som skal til for å få ei sending på lufta. Då trengst både teknikar, programleiar og telefonvakter. Det har vi klart å halde til no, staben er så pass stor at det vert ei onsdagssending i månaden på dei fleste.

Det at vi har sendingane på onsdagane er nok og noko av grunnen til at vi ikkje går trøytte. Bykle Radio hadde sine sendingar på fredagane. Då nådde dei hyttefolk og hadde mange fleire lydarar enn på ein onsdagskveld. Men det gjekk ut over helgene til folka som laga radioen, dei heldt på til midnatt og vel så det, og då var jo laurdagen for familien og prega av at ein hadde vore i radioen. Det er i alle fall mi vurdering, å ha sending onsdagskvelden krev ikkje så mykje, vi sluttar i rimeleg tid, og helga er jo ikkje berørt for oss som er med.

Så vert det litt anna når det er fredagssending, men det er ikkje så ofte. Normalt er det bare eit par gonger i semesteret at vi byter med Radio Evje om å ha fredagssending til heile dalen. Det har vi klart å få til så langt. Eg ønskjer dei som skal lage sauesjåsending 2012 lukke til med fredagskvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *