Quiz-kveld på Valle Motell

Share

I går kveld fann eg ut at eg ville nytte meg av Kulturveka 2012, så eg gjekk på Quiz-kveld på Valle Motell. Der var 25 personar til stades oppe i puben, og Ronny Stavsholt hadde ansvaret for spørsmåla denne kvelden. I tillegg fekk vi ein minikonsert av Trym Bjønnes, der han presenterte musikk frå plat han gav ut i vår.

Eg kom på lag med dr. Hallvard, sjukepleiar Aina og legesekretær Ingunn, så eg tenkte eg var godt rusta for kvelden. Men det var bare til spørsmåla kom. Nordlegaste punktet i Norge, kven kan vite at det er ei øy nord for Svalbard, at sørlegaste punktet i Norge er Sørpolen og at Norge har eit fjell som er over tre tusen meter høgt, det ligg og på Sørpolen. Diskusjonen gjekk og høgt om Russland var Europa, så vi mista poeng så det suste, men det var jo noko av sjarmen med heile arrangementet. Vi slo dei andre frå Helseavdelinga i kommunen, det var vel det viktigaste, men å slå teknisk avdeling synte seg vanskeleg.

Eg v ar jo helst flau over å ikkje kjenne att flagget til Myanmar, eg som har vore lærar for elevar derifrå i fleire år, men til mi orsaking får eg vel seie at eg truleg hadde kjent att karen-flagget. Og musikken Ronny spelte, der vi skulle finne tittel og artist, der måtte eg bare melde meg ut, den type musikk pleier eg skru av når han kjem på radioen. Men heldigvis kunne dei andre på laget ein del av den musikken, så vi var ikkje heilt blanke.

Slike kveldar er koselege, eg har vore på dei før. No vil dei prøve å ta dei opp att, tysdagskveldane var visst høvelege, og Jon Ødeskaug tok på seg å lage spørsmål til neste kveld, så får vi sjå om det dukkar opp folk då, eg kjem nok ikkje til å gå, for eg skal i radioen, som vanleg på ein tysdagskveld. Vinnarlaget fekk ein twistpose på deling, så det vart vel litt snadder til kaffeikoppen på teknisk i dag. Det var dei vel unt.

I dag er det trial-oppvisning utanfor Valle skule klokka 18, i morgon er det Bamsekveld på biblioteket klokka 17 og konsert på Soknehuset med Kim André Rysstad med gjester klokka 20, og så går det slag i slag utover veka.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *