Så kom snøen

Share

I dag tidleg kom eg frå Mandal til Valle. I Mandal var det eit ausande regnver, heldigvis, får eg mest seie, for hadde alt det vore snø, så hadde vi hatt ein halv meter, trur eg. Innover mot Kristiansand letta det litt og då eg svinga opp Songdalen, var det tåleg bra. På Riksveg 9 var det også god og våt veg, men då eg kom til Hægeland, tenkte eg at her ligg det snø i vegkanten. Så eg reduserte farten og kom meg velberga til Evje. Der er det kaffi, matpakke og rimeleg bensin ein måndagsmorgon, så det var høveleg å setje kursen nordover.

Eg tok att ein diger lastebil, så eg svinga inn på busshaldeplassen i Grendi og hadde frukost der, las litt i Aftenposten som eg hadde handla meg på Evje. Så gjekk turen vidare nordover, i roleg tempo. Det var jo ikkje mykje trafikk så tidleg på morgonen, men nord for Fånefjellstunnelen blinka det i mange lys. Ein personbil på veg sørover hadde hamna i grøfta. Men det såg ut til at hjelparar var komne til, så eg bare lista meg forbi og heldt fram nordover. Etter kvart vart det meir snøflekkar på vegen, men med moderat fart gjekk det bra. Eg fekk på piggfrie vinterdekk i haustferien, men første snøen er av ein eller annan grunn glattare enn snøen seinare på vinteren. Frå Ose var det fast snødekke, og sjølv om eg etter kvart vart noko trøytt, gjekk det høveleg fint nordover, og om lag klokka åtte svinga eg opp framom skulen. Der stod kollega Øystein Berg med bil full av folk som skulle til Kristiansand. I dag var det Norsk Språktest for nokre av elevane, så dei var på tur nedover og fekk dermed det siste av informasjon om veg og føre innan dei kom seg i veg.

Sjølv hadde eg elevane som ikkje skulle til test denne gongen. Vi arbeidde med munnleg norsk dei første to timane, deretter var det skriftleg norsk som stod på timeplanen. Og sanneleg, i løpet av dagen skreiv vi ein tekst som alle kunne lese og forstå, etter det dei sa sjølve. Om snø og liv i Valle, det var jo lett å kjenne og skjøne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *