Sangkveld i haustferien

Share

Første onsdag i kvar månad er det sangkveld på Kafe Hjerterom i Mandal. Han startar klokka halv sju og held på halvannan time, pianist og forsangarteam samlar 70-80 godt vaksne menneske til allsang. Nokre kjem frå Mandal Alders- og Sykehjem, andre kjem frå omlandet. Denne onsdagen tok eg og kona turen dit, ho er no pensjonist, men hadde arbeidsdagen der inntil 1. september, så ho møtte mange kjente. For meg var det helst ukjente folk, men songane var kjente.

Utanpå baksida av Sangbok i stor skrift står Sangens glade tropp, og det var første sangen denne kvelden. Så kom dei i rask rekkefølge, først relatert til hausten: Det var en deilig sommerdag, den handlar om å plukke blåbær, så kom Blåmann, Blåmann og Eg gjætte tulla. Bukken var brokut passa og inn i dette selskapet. Det same gjorde Hu, hei, kor er det vel friskt og lett.

Gryta hennar mor er eit ljost barneminne, så den måtte vi ha, og så kom Blant alle lande og Mellom bakkar og berg utmed havet. Dermed var vi ved havet, og då kom En sjömann älskar havets brus, Hildringstimen og Det er godt å komma hematt.

Midt i arrangementet er det ein pause der ein kan få kjøpt vaflar. Kaffien er gratis, den står framme når folk kjem, og mange møtest alt klokka seks og tek kaffi før dei syng, men ein kaffipause midt i sangkvelden er heller ikkje dumt, då får ein kvilt stemmen litt og prata saman med dei ein sit saman med.

Denne kvelden avslutta ein med Husker du dengang i måneskinn, omkvedet der er jo veldig valse-prega, så då gynga det i både gyngestolar og pinnestolar. Storfiskarvalsen fylgde på før Je kunne vøri snekker. Som vanleg vart kvelden avrunda med Fager kveldssol smiler, og eg trur dei fleste smilte då dei tusla heimover, kanskje nynna dei litt kvar med seg sjølv og.

Det er nokre songar som er slitesterke og som sit i minnet, sjølv om teksten nok fell ut av og til, så held melodien seg godt. Slik var det denne kvelden, det var lenge sidan eg hadde sunge mange av dei, men likevel, med litt tonefølge kom dei fram og minna meg om ein sangskatt som er god og rik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *