Variert onsdag

Share

Eg måtte overta denne onsdagen for Øyvind Jacob, han hadde det visst travelt. Eg veit ikkje om det var dei nye stutane dei har fått i Brokke Naturkjøt eller om det var noko anna, men eg sa ja til å ta onsdagskvelden. Så var det kva ein skulle ha i programmet då. Noko låg fast, andakten skulle Torleif ha, kommunen informerer var ved Marie Lovise Johnsen frå Setesdal barnevern. Men resten måtte eg fylle i sjølv.

Eg las at Setsdal Regionråd skulle ha møte i dag på Valle Motell, så eg sende ein epost til Signe Sollien Haugå og spurte om ho eller Leiv Rygg kunne kome. Det vart Signe som kom, og ho hadde mykje nytt å fortelje. Det hadde vore politiråd etter lunsj, då kom Kirsten Lindeberg med følgje for å snakke om aktuelle spørsmål i Setesdal. Det er visst slik at det ikkje er så mykje kriminalitet i Setedal, så dei hadde tema førebygging denne gongen. Av saker som dei elles hadde oppe i regionrådet, var det nok saka om ladestasjonar for el-bilar som hadde vekt mest glede. Det har vore ei arbeidsgruppe i sving for å greie ut dette, og dei fekk klarsignal for å gå vidare med saka. Det er tale om å få to slike stasjonar i kvar kommune.

Etter at ho var ferdig, tok eg ein telefon til Lisbeth Dalquist Homme. Ho fortalde om bamsekvelden som skal vere på biblioteket neste onsdag, 24. oktober. Då skal barn feire bamsens fødselsdag.

Siste innslag i den aktuelle timen var ein samtale med Kim André Rysstad, som var på Voss for å hente vinterdekk. Neste onsdag skal han ha konsert med vener på Soknehuset på Rysstad. Eg gratulerte han med Beat for Beat. Han opplevde det og hyggeleg, og med ein million sjåarar fekk han eit stort publikum. Så mange blir det jo ikkje på Rysstad, men han vona det kom nokre for å høyre på, sjølv om han har hatt fleire konsertar her i heimbygda i det siste. Og så kjem Knut Reiersrud med på konserten, det gledde han seg til. Dei andre musikarane er folk han har hatt med seg på ulike turnear, dei er hans faste husband, så å seie.

Kulturveka prega og Haralds time med gjester, då var det Gunnar Stubseid som var gjest. Han er leiar i Valle Mållag, dei skal ha markering laurdag i høve at vallemal.no har samla inn 10.000 ord på ti år. Då kjem professor Torp frå Universitetet i Oslo for å snakke om Vallemålet, akkurat no har han Marianne Harstad som student, og då har han studert Vallemålet litt ekstra.

Siste gjest var Karen-Lise Scheie Knudsen frå Amnesty International si avdeling i Kristiansand. Ho var på Valle skule i høve Bygdedagen deira i kveld, og så kom ho innom før ho reiste heim att. Ho fortalde levande om engajsementet for Amnesty om kva pengane frå innsamlinga kunne brukast til.

Ein variert kveld i radioen i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *