Variert onsdagskveld

Share

Eg fekk ikkje med meg starten på denne onsdagskvelden i Valle Radio, men Bjørgulv T. Berg hadde ein prat med Kenneth Rønnng, som har starta Setesdalsbudet, og som har hatt nok å gjere. Han har flytta frå Arendal til Rysstad, og i kveld var han i Valle Radio. Neste gjest var Mariann Uleberg frå Hovden, ho held på å gjere amerikanar av seg, er gift med ein, men måtte heim for å søkje om green card. Dei lever av å byggje gitarar og å spele konsertar. Ho komponerer og, vi fekk høyre ein av komposisjonane hennar i Valle Radio. Den siste gjesten i den aktuelle timen var kommunepsykolog Jessica Öngörur, som snakka litt om tenesta ho yter.

Etter andakten ved Håvard Viki kom rådmann Eivind Berg i studio. Han hadde mykje på blokka. Du kan lese om det på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20121024

Deretter var det Bjørgulvs time, og han hadde fyrst med seg Grete Fossen som snakka både om nynorsk i samband med at Hasla fekk Målprisen 2012 og om Damenes Aften, som skal vere til laurdag. Deretter hadde han ein telefonprat med Øystein Kikut om konserten i Kulturveka 2012 og responsen den fekk og om prosjektet Musikalske monumenter gjennom 1200 år, som er planlagd å ha seks konsertar. Til slutt snakka han med Kristin Brokke om måleriutstillinga i Frikyrkja, ho hadde seld 11 bilete då intervjuet vart laga.

Kvelden vart avslutta med Ørnulf Hasla og Bjørgulv i studio under Opi sending, der tema for rebusane var reiser til land og byar rundt om i verda.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *