Vinterdekk

Share

Det er tid for å bytte til vinterdekk, og eg har ikkje tenkt å utsetje det til eg står fast, så i dag var eg i Mandal og fekk ordna det. Eg har dekka mine på dekkhotell hos Dekk1 i Mandal, dei ordnar slikt fort og greitt.

Då eg kom dit i dag, møtte eg ein hjelpegutt på ein truck. Han sa eg måtte vente litt, men snart kom dei fast tilsette folka og tok kommandoen, og plutseleg var eg på bukken, trong ikkje bestille time ein gong denne gongen, eg trur eg var litt i forkant i høve til det store rushet.

Medan hjelpegutten løyste hjula, henta sjefen vinterdekka på lageret, og få minutt etter at eg køyrde opp på bukken, var eg nede på bakken att. Litt for godt nede, synte det seg, for bilen min har noko hydraulikk som senker seg når motoren vert skrudd av, og denne gongen lyfta det seg ikkje att med det same. Men etter at motoren hadde svive ei stund, løfta han seg og eg kunne køyre ut av verkstaden, glad og fegen, og vite at dei tok hand om sommardekka mine til neste sesong.

Dekk1 i Mandal ligg eit steinkast frå Rema1000, så eg stoppa der og fann middag til halv pris, måtte etast i dag etter merkinga på pakken. Så då vart det kyllingklubber og ris då eg kom heim, og plommer både til forrett og dessert. I år har vi ikkje eigne plommer her heime, frosten tok blomane i vår, så eg må satse på hardangerplommer til 50 kroner kiloet i staden for å ete meg stappmett på eiga frukt. No vert det bare med smaken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *