Relevans i ein Wiki

Share

Eit av dei emna som vi diskuterte sundagskvelden (som eg skreiv om i går) var relevans. Eg prøvde å fortelje noko om diskusjonane som går om kva ein skal skrive om på Wikipedia, kvifor nokre personar kan omtalast, men andre ikkje. Og så fortalde eg at eg er inklusjonist og meiner at ein kan ha artiklar om dei fleste personar som er offentlege på ein eller annan måte, medan mange meiner at dei som skal skrivast om må ha utmerka seg. Det er ikkje nok med «mann med jobb».

Tor såg poenget med det same og peika på at det må vere noko som heng att frå den tida leksikon vart trykte på papir. Då var det trongt om plassen, så alle kunne ikkje vere med, det måtte ein redaktør til å bestemme kva som skulle vere med. Vi som er administratorar på ein wiki, fungerer nok litt som redaktørar, sjølv om vi ikkje er det, for vi slettar artiklar, gjerne etter ein slettediskusjon, av og til utan å diskutere med nokon, det er openbart at innlegget må slettast. Men eit nettleksikon har i prinsippet ingen plassgrenser, så ein burde kunne ha ei inkluderande haldning til stoff.

I staden har vi mange vurderingar om folk og bedrifter kan inkluderast, «wikipedia er ikkje gule sider» er eit anna munnhell som ofte nyttast. Eg tenkjer ofte at om ein skriv på ein nøytral måte utan å bruke blomespråk som først og størst osv, så burde mange fleire bedrifter kunne omtalast. Men eg er inklusjonist, og vil gjerne ha med så mykje som mogleg.

På grunn av desse relevansvurderingane har det blitt oppretta wikiar for smalare felt. Ein av dei første var lokalhistoriewiki, som tek for seg emne av lokalhistorisk karakter. Dei som vert omtalte der, er ikkje nasjonalt kjende, men kjende nok i sin region til at dei kunne få ein artikkel i eit leksikon. Slik veks det fram ein underskog av prosjekt som tek vare på lokale innspel. Setesdalswiki er nok i denne sjangeren, alle som har budd og arbeidd i Setesdal kan omtalast i dette leksikonet. Og det vert tøydd i strikken, predikantar som har vore på bedehusa i Setesdal kan godt omtalast, gjester i Valle Radio likeså.

Wikipedia er eksklusiv og oppslag der må ha ein relevans for heile Norge, andre wikiar har særpreg som skaper mangfold i leksikonverda.

Program for veke 48

Share

Her er programmet eg sende til Setesdølen måndag:

Tysdag 27. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret. Kåseriet Busshaldeplass og venterom
18.15 Over ein open Bibel. Birger Helland
18.30 Sangkveld. Country Gospel med Per Govertsen
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv. Åse Rike om jolemessa i Valle
20.00 Møteplassen. Misjonær Kari Bø Olafsson
20.30 Postludium. Ludvig Andreas Lindemann 1812-2012
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 28. november

17.00 Kommunestyret

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside