Åpne data kan gi vekst

Share

I ein artikkel i Mandag Morgen skriv Knut Olav Tveit om ein app som no vert utvikla for smarttelefonar. Ein skal løfte fram kultur og natur på mobiltelefon og gi tilgang til informasjon, fakta og fortellingar knytt til staden der du er. http://mandagmorgen.no/%C3%A5pne-data-skal-gi-norsk-vekst

Eg lurer på om Setesdal kunne gjere seg nytte av eit slikt prosjekt. Kva om vi fekk henge oss på ein slik app med stoff frå dei fire kommunane i Setesdal. Så kan turistar som køyrer gjennom dalen, få opp informasjon om ting dei kjem til på mobiltelefonen. I framtida vil fleire og fleire bilar ha dataskjerm med kart, og då vil eit slikt prosjekt kunne nyttiggjere seg data direkte i bilen, til og med utan å bruke mobiltelefonen.

Vi har alt 3300 artiklar i Setesdalswiki. Mange av desse kunne lett nyttast inn i ein slik app. Kan hende kunne kartdata med informasjon om særmerkte fjellformasjonar få folk til å stoppe og ta bilete. Det er jo lettare å ta eit bilete når ein veit kva ein ser i naturen. Kommunane har lagt til rette ulike opplegg for turistar, men ofte veit ikkje turistane om dei. Om slik informasjon kom inn i den appen som ein har på mobiltelefonen, kunne det kanskje fungere like godt som eit signalbygg i Valle.

I artikkelen i Mandag Morgen heiter det:

Det offentlige prosjektet Kultur- og naturreise skal gjøre digitalisert og lokalt tilpasset informasjon om kulturarv og natur tilgjengelig for mobile brukere på telefon og nettbrett.
Prosjektet har flere målgrupper, men det er snakk om reisende på ulike måter: folk i buss og bil, syklende og gående. Både fastboende og turister. Kultur- og naturreise handler primært ikke om teknologiutvikling, men om å løfte frem og tilpasse innhold fra offentlige databaser og andre kilder til visning i mobile tjenester. Innholdet skal også kunne gjøres tilgjengelig i eksisterende tjenester som Wikipedia, Visit Norway og andre.

Gode tankar her, les heile artikkelen og sjå om du finn ein måte ein kan gjere seg nytte av dette tiltaket i Setesdal. Eg trur Signe Sollien Haugå er den rette til å gå vidare med ideane til, regionrådet burde lage eit prosjekt for å få dette til i Setesdal. Men skriv gjerne ein kommentar her på bloggen og, om fleire tenkjer saman, kjem det ofte gode idear.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *