Busshaldeplass og venterom

Share

Tidlegare i haust var det eit lesarinnlegg i Setesdølen om at busspassasjerane på Evje måtte stå ute i allslags ver. Den som skreiv lesarbrevet meinte det var dårleg reklame for Evje å ikkje ha betre tilbod til dei som reiser med buss.

På mange busshaldeplassar oppetter dalen er det buss-skur. Mange av dei er lafta og står som fine eksempel på tradisjonsrik byggeskikk i Setesdal. Eg er ikkje sikker på korleis det er på Evje, men undrar meg på at det ikkje er noko slikt i Valle sentrum. Der må busspassasjerane stå ute eller gøyme seg i inngangspartiet til Coop Valle eller Menighetshuset når det regnar og blæs.

Torsdag morgon skulle to burmesarar til Evje og Arendal med bussen, og dei stod i inngangspartiet til Menighetshuset og venta frå kvart over sju. Bussen kom og køyrde rett gjennom sentrum utan at dei fekk gje teikn til at han skulle stoppe, der dei stod på feil side av vegen i ly for silregnet. I Valle sentrum er det laga ein fin busslomme med plass for både ein og to bussar, men ikkje noko skur der folk kan vente i dårleg ver.

Ettersom bussen klokka ti på halv åtte er einaste bussen nedover tidleg på dagen, kom dei akterutseilte busspassasjerane på Valle Vaksenopplæring og fortalde om hendinga. For ho som skulle til Arendal og ha eksamen i dag, ville løysinga vere å ta ettermiddagsbussen og reise til Arendal via Kristiansand, det går jo bare ein buss dagleg frå Evje til Arendal, så då ho ikkje nådde den, måtte ho ta turen om Kristiansand. For han som skulle til Evje, ville løysinga vere å dra ein annan morgon.

Det er vanskeleg å bu i Valle utan bil, det sa museumspedagog Johanne Hortemo noko om i Valle Radio onsdagskvelden. Ho hadde vore på utgraving på Langeid sommaren 2011 utan førarkort og bil, det hadde vore ulagleg, sa ho, så ho skaffa seg førarkort og bil før ho starta i jobben sin, og då var det ikkje problem å arbeide i Setesdal, meinte ho. Burmesarane er enno nøydde til å bruke buss, og dei så vel som alle andre bussreisande burde hatt betre tilhøve når dei skal reise frå Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *