Folk og anna leksikonstoff

Share

Eg skriv ein del om folk på nettleksikon der eg er med. På Setesdalswiki har det ført til at leksikonet har eit biografisk leksikon for Setesdal som no har passert åtte hundre personar. I dag skreiv eg om ein kunstmalar på Wikipedia, Gyda Voss, som var 90 år då ho døydde i 1961. Eg skreiv og på Lokalhistoriewiki, det var ein artikkel om Gerhard Mortensen, mannen som innførte ergoterapi i Norge. Det skjedde vel om lag på same tid som Gyda Voss døydde.

Medan eg sat og skreiv på desse artiklane, kunne eg gle meg over at Reidar Tveito skreiv om andre tema på Setesdalswiki. Der fekk me i dag fleire artiklar om bøker med relevans for Setesdal: I skiftende tider, Otteraaens Brugseierforening gjennom 85 årI skiftende tider og inn i en ny tid, Otteraaens Brugseierforening gjennom 100 år og sanneleg kom han ikkje med ei tredje bok i kveld: Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder 1984-2009.

Etter at han hadde skrive desse artiklane, prata vi saman i telefonen. Då var vi samde om at det var spennande at vi hadde ulike emne som vi skreiv om. Han var ikkje så glad i å skrive om folk, har skrive mest om naturen i Setesdal, men har no altså og skrive om fleire bøker. Medan eg sat og nettopp hadde skrive om folk, då utfyller vi kvarandre i arbeidet.

-Tenk om to tre til hadde kome med i skrivinga, så mykje glede vi kunne hatt av det, sa han. Eg måtte vere samd med han i det, og vonar at det etter kvart vil kome nokon fleire med i skrivearbeidet.

Læraren Peter Voss, måla av dottera Gyda Voss

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *