Komper med graslauk og anna eg ikkje visste

Share

Eg lærer stadig noko nytt når eg er i Valle Radio. I kveld kom det eit innspel til komper, ein matrett eg har lært meg å like i vaksen alder. Heime på Ålgård hadde vi komle, dei kunne vere med og utan dott, men dei var små, og så hadde vi kjøt og kålrot og poteter til, komla var ein del av retten, ikkje ein solorett, som her på Agder. Men Angerd Mosdøl hadde kompe med graslauk til, det var ein ny variant, eg veit jo at folk har tyttebærsyltetøy til kompe, men eg er kjent med smør og sukkker, det får vere nok.

I kveldens open sending hadde eg ni rebusar, åtte vart løyste av kvinner, men heldigvis kom Åsmund Rygnestad inn i studio, så eg fekk ein mann med i sendinga. Og heldigvis var det telefonar frå ulike folk, så ein slapp å ha same innringar på lufta mange gonger. Verdien for dei som høyrer på er større når det er variasjon i innringarane.

I løpet av sendinga fekk eg og høyre om smalahove som mat, at den tradisjonen forsvann frå dalen då ein ikkje lenger kunne slakte heime. No må ein i så fall kjøpe hovud att frå slakteriet, og det er det ikkje mange som gjer. Men til helga skal det vere smalahove på menyen på Ogge Gjesteheim, elles må ein vel helst til Voss for å smake på den tradisjonsmaten.

Vi snakka og litt om frivillig innsats, i samband med at Ragna Kallhovd fekk frivilligprisen i Evje og Hornnes for 30 års innsats med handlevogn på Evjeheimen og Hornnesheimen og mykje anna frivillig arbeid. Også på Valle Bygdeheim har ein ei slik ordning, det er Jorunn Lund Harstad som står for dette tilbodet, og ho har vore ei frivillig eldsjel i mange samanhengar.

I sendinga kom det og fram av Valle bygdekvinnelag sin kalender vart starta opp i 1995, den har eit opplag på 350 til 400, og dei fleste blir selde, det gir ei god inntekt til laget. No har Lisbeth D. Homme teke over arbeidet med kalenderen etter Ingebjørg Vegestog Homme, som no nærast må kalle seg konsulent i arbeidet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *