KVS Bygland

Share

I går kveld tok eg turen til KVS Bygland. Dei skulle vigsle eit nybygg med matsal og møterom og diverse andre rom, to etasjar, 10 millionar. Etter omvisning og kveldsmat i det nye bygget gjekk vi på glatt føre opp til KVS-hallen for møte klokka 19.30. Der helsa styreleiar Anne Ma Timenes velkommen og gav ordet til rektor Ole Magne Omdal som leia ein fin fest i ein ledig tone. Mange bygdefolk møtte opp sjølv om det var ein torsdagskveld, eg trur nok at 40 av dei 74 elevane var der, tre av dei hadde innslag. Det var også sang av eit team frå Bibelskolen i Grimstad som KVS-Bygland samarbeider ein del med. Og så var det tale av Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Han nytta seg av powerpoint, dermed var det lett å fylgje ein god tale om å ikkje sleppe til mismot og motløyse.

Når ein tenkjer på utviklinga på KVS Bygland i løpet av ti år, må det vel sjåast på som ein draum både av skuleeigar og Bygland kommune. Skogskulen vart lagd ned fordi det var uråd å samle elevar, no går det 74 elevar der, og neste år utvidar dei internatkapasiteten med 8 hyblar, så då vil dei kunne ha over 80 elevar. Så langt eg kunne sjå, var det få jenter som gjekk på skulen, eg trur eg bare såg tre-fire jenter der, så dei har eit problem med å få betre balanse, men å gje praktisk utdanning og å ha høve til å forkynne dagleg til så mange unge må vere ei oppgåve som gleder Indremisjonsforbundet.

-Slik kveldsmat vil vi ha kvar dag, sa elevane, dei åt i lag med gjestene, og kunne gle seg over eggerøre og salami og mange andre påleggsortar å velje mellom. I tillegg var det både bløtkake og sjokoladekake, det var jo fest, vigsling av eit høveleg bygg, tenleg for dei tilsette og elevar, ja, heile bygda kunne nyte godt av det, meinte rektor. Bygdekvinnelaget hadde alt prøvd møteromet og kytte over opplevinga.

For min del var det første gongen eg var innom skulen. Det var ei positiv oppleving. Eg ønskjer lukke til med arbeidet til alle som har oppgåver der.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *