Om Wikipedia, Setesdalswiki og andre wikiar

Share

I går var eg invitert av Tor Fuglevik til å ete middag på Hr. Redaktør i Mandal. Over ein torskerett gjekk praten livleg om Wikipedia, Setesdalswiki og Lokalhistoriewiki. Dette er wikiar eg skriv på og han ville gjerne høyre litt meir om ting vi som skriv på wikiar var opptekne av.

Det var ikkje lett å gje eit enkelt svar på spørsmålet hans, for folk er nok opptekne av ulike saker. Men han hadde eit spørsmål som gjekk rett inn i ein av debattane på Wikipedia som går nett no. Han hadde sett på artikkelen om sin venn Jahn Otto Johansen at det var ein merknad øverst. Den tykte han var malplassert i ein nokså omfattande artikkel om den kjende journalisten og forfattaren.

Merknaden seier at artikkelen Mangler kilder, men nederst i artikkelen kjem det fram at det både er eksterne lenker og referansar i artikkelen, og det er jo kjelder. Akkurat dette har vore ein stor diskusjon på Wikipedia den siste tida. Før, då Wikipedia var ung, var dei som skreiv der nok meir homogene enn i dag og ein hadde ei sams forståing av korleis ein skulle skrive ein artikkel. Men med tida har dette endra seg, og i våre dagar er nye folk kome til som ikkje har same forståing av korleis ein artikkel skal vere. Difor har det blitt viktigare å ha kjelder til artiklane, og ideelt sett skal alle artiklane ha kjelder. Eg har meint at når det er eksterne lenker eller referansar i ein artikkel, så er det kjelder gode nok, sjølv om dei ikkje står i eit eige kjeldeavsnitt. Men nokon meiner at eksterne lenker skal vere lenker til fordjuping i stoffet, ikkje lenker til kjelder.

Du kan nok tenke at kvelden gjekk fort der vi hadde oss eit godt måltid med is til dessert. Utanfor bles og regna det ganske mykje, men dei to timane tenkte vi ikkje på veret i det heile. Og oppløfta tok eg fatt på turen oppover dalen då måltidet var slutt. Men framleis tenkjer eg på det vi snakka om. Eg skal skrive meir om det i morgon.

Ein tanke om “Om Wikipedia, Setesdalswiki og andre wikiar”

  1. Dette var verkeleg interessant innspel om ei viktig sak. Eg burde vore flinkaree til å engasjere meg her òg.

    Eg vonar mange vaknar og innser kor viktig dette arbeidet er. Wikiane er er ei makelaus kunnskapskjelde som stadig vert større og viktigare. Bli med du og!

    mvh
    Ånund K

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *