Pernille

Share

Kafeen i Sentrumsbygget er møtestad for mange. I november har eg hatt høve til å stoppe der nokre gonger, og eg ser at mange eldre menn likar å sitje der. Dei kjem til middag og sit både ein time og to timar før dei går heim. Då løyser dei verdsproblem både på heimefronten og utefronten, verkar det som, for praten går livleg rundt bordet.

For meg har det høvd slik at eg har fått meg middag der. Eg vart tipsa av Ove Kjetså om at det var råd å kjøpe klippekort på middagane. Han har seg middag der mest kvar dag, som oftast saman med Tony Halsall. Då får ein dagens middag med dessert for 95 kroner. Kortet kostar 950 kroner, ein må altså rekne med å kjøpe 10 middagar. Men det er råd å få til det for folk som er på Evje nokså regelmessig.

I går sat eg der saman med Over og Tony. Ove eig og driv Kjetså Design, det er han som har laga logoen til Setesdalswiki, han lagar og mykje av designen som Setesdal Regionråd nyttar, han held til i bygget som Setesdalstrykk har på Evje. Saman med kameraten Tony Halsall, som jobbar i Otrahallen, er han ivrig o-løpar, ein sesong fekk dei med seg 50 orienteringsløp. Praten gjekk rundt Setesdalswiki, Ove held seg unna datamaskinen når han har fri, men Tony er på nett det meste av tida. Han er også ivrig fotograf, denne gongen hadde han bilete frå handball-laget til Otra IL som hadde vore i Froland og vunne kampen, og då hadde dei blitt så glade at ein sprut av konfetti dryssa ned over spelarane.

Så gjekk dei tilbake til kvar sine gjeremål. Då oppdaga eg at Olav Knutson Rike sat ved eit anna bord. Han hadde kome frå Kristiansand med buss til Evje, no venta han på buss vidare opp dalen. Dermed fekk eg selskap i bilen oppover denne måndagskvelden. Praten gjekk minst like livleg som rundt kafeborda på Pernille, så den turen frå Evje til Valle gjekk fort, sjølv om vi nok brukte lenger tid på turen enn eg pleier når eg køyrer aleine. Pernille har ein viktig funksjon midt i Evje sentrum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *