Pludreradio

Share

I dag vil eg kommentere noko som eg har lagt merke til i NRK i det siste. Dei har slutta med å ha fast tidspunkt for nyheter. Eg skrudde på radioen klokka ni og tenkte at no får eg nyhetene, men nei, det eg fekk var intro til Nitimen. Så pludra programleiarane og presenterte kvarandre og om kva tid dei skulle trykke på knappen for å få inn dagsnyttstudio. Først etter at eg hadde venta eit minutt, fekk eg nyhetene eg hadde skrudd på radioen for å høyre.

Slik er det blitt i mange programflater. Norgesglasset er glimrande radio på føremiddagen, men dei har same systemet, og når eg ikkje er i modus for å høyre Norgesglasset, men vil få med meg nyhetene, så må eg gjette på kor lang tid etter heil klokketime eg må skru på radioen. Det same skjer om ettermiddagen.

Når det gjeld lokale sendingar, er dei og lagde inn på denne måten i Norgesglasset si programflate. Først kjem Dagsnytt, så tilbake til Norgesglasset, som pludrar litt før dei set over til distriktsnyheter.

Pludreradio er ok, vi pludrar i mange sendetimar i Valle Radio og. Men når det er tid for nyheter, meiner eg at vi bør få nyheter. På heiltime, ikke eit minutt etter heiltimen.

Lokale nyheter klokka ni er og borte, no får vi dei ti på ni, inne i distriktsprogrammet, når det passer med musikken. Men for oss som ikkje likar musikken i distriktsprogrammet, men gjerne vil ha med oss nyhetene, vert det ofte at dei fyk forbi oss, fordi vi ikkje skrudde på når det passa programleiaren å sende dei.

Slik bør det ikkje vere, vi vil ha tilbake nyhetene på faste klokkeslett, så kan pludreradioen ha sine programflater utanom dette. Den kan vi høyre når vi er i modus for det, og så kan nyheter vere sin eigen sjanger og ikkje ein del av pludringa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *