Sukk

Share

Det verkar som om eg har eit problem med oppsettet på windows på den bærbare maskinen eg nyttar. I dag tidleg skreiv eg inn overskriftene i gårsdagens Setesdølen, men før eg fekk lagre arbeidet, bestemte windows seg for at det var tid for oppgradering. Utan å spørje om det passa og å gje meg tid til å lagre arbeidet mitt, vart nettlesaren lukka. Så gjekk det eit par minutt, så var oppgraderinga gjort. Ikkje skru av maskinen, stod det så fint på skjermen.

Men problemet var at maskinen skrudde av nettlesaren min utan at eg fekk lagre. Dermed måtte eg taste inn det eg hadde arbeidd med frå morgonen av ein gong til. Det tok nokre timar før eg fekk manna meg opp til å gjere det.

Heldigvis hadde eg vore innom på biblioteket i Valle torsdag. Der har dei framleis bøker att etter boksalet i haust, og eg kjøpte meg ei bok for fem kroner og tenkte eg fekk lese litt no i dei mørke haustkveldane, eg kan ikkje bare sitje og taste inn på Setesdalswiki. Leksikonet runda 3400 artiklar nyleg, så vi er på full fart mot 3500, men ein pause i skrivinga kan vere godt. Så eg sette meg til med boka Livets gave av Marianne Ruuth, som er ein amerikansk forfattar. Det var ei medrivande bok, så dagen med lesing vart lang før eg atter kom til datamaskinen og fekk gjort om att det som vart borte.

No har eg lese ut boka, den handla om det brutale livet ei kvinne opplevde i Sverige for rundt tusen år sidan. Det var godt skildra, eg kunne ikkje anna enn å sukke over det samfunnet som trellar, bønder og kvinner opplevde på den tida og takke for at kongar og stormenn no for tida ikkje måler styrke i lokale krigar fullt så ofte som det kunne sjå ut til i det samfunnet som boka skildra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *