Verdsarven

Share

Fredag kveld inviterer Setesdal Spelemannslag til dugnad for å registrere kva som er levande av stev, bånsullar, religiøse folketonar og andre musikalske uttrykksformer i Setesdal. Målet er å få fram at musikken i Setesdal er ein immateriell kulturarv som bør få plass på UNESCOs verdsarvsliste.

Kari Margrete Okstad er talsmann for laget og ho var i Valle Radio i kveld og fortalde om dette. Ho fortalde og at det er kort tidsfrist på dette, alt i februar skal søknaden vere ferdig. Men før den tid må den levande kulturarven registrerast, det er ikkje nok med den som dei profesjonelle framfører eller den som finst i Agder Folkemusikkarkiv. Om han ikkje vert nytta, vil han ikkje kome på denne lista.

Så alle som har noko dei sullar og syng bør ta turen til Sølvgarden fredag og få registrert det dei har, og slik vere med på å legge grunnalget for at ein søknad kan sendast. Bygningar har tidlegare fått plass på verdsarvlista, no kjem og immateriell kultur der. Kan hende vil noko av Setesdalskulturen få plass på lista.

Det blir spennande å sjå korleis dette går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *