Juletre 2012

Share

image

I år blir det ikke juletre på Eskeland om man ikke tar dette som en god erstatning. Helge og Reidun reiser til Ålesund i barnedåpen til Henrik i romjula. Selv skal jeg være hjemme og passe katten og prøve å unngå krevende vær. Men i dag har det vært storm og snøvær så det holder her i Mandal. Margunn og Stein returnerte til Sandøya og dro herfra klokka to. De droppet førjulsbesøk på Hellemyr og dro rett hjem. Strømmen var borte og da gikk fibernettet til TV og data. Vi måtte ringe Telenor for å få hjelp til å komme på lufta igjen, men etter hvert fikk vi det til. Jeg lånte med meg bøker av Cecilia Sanmartin fra biblioteket i Valle, så jeg veksler med å lese litt denne jula. God jul til deg som leser denne blogggen.

Jolesending Valle radio

Share

Laurdag 22 desember

17.00-18.00

Direktesending frå Valle sentrum, med trekking av Valle sentrumsforeining sitt jolelotteri. Og korsong av Sygjandi

Programleiarar Bjørgulv T. Berg og Helge Dahle

18.00-19.00

Torleiv Harstad og Bjørgulv T. Berg

Samtalar med vår nye biskop Stein Reinertsen, Svein Kleivane frå Bygland og sokneprest Terje Seilskjær.

19.00

Bjørgulv T. Berg og Ørnulf Hasla med førjolsprogram.

Gjester: Gunnstein Bakke frå Grendi for tida busett på Gotland,

Svein og Marit Brokke, Svein er ute på plattform i Nordsjøen.

Jan Olsen som feirar jol på Cuba.

Redaktør Sigurd Haugsjerd: Setesdal gjenom eit år.

Ordførar Tarald Myrum, eit år har gjenge, og jolehelsing.

Knut K. Jore ”live” i studio med song og gitar

Teknikarar: Jørund Georg Jore og Kjetil Karolis Jore

Vi sender i heile Setesdal denne kvelden.

Høyr og Valle radio på www.valleradio.com trykk på ”live streaming”

Valle radio vil ynskje alle lyarar, annonsørar og støttespelarar.

GOD JOL OG EIT GODT NYTT ÅR

Gled deg, du jord

Share

I dag hadde vi avslutning på Valle Vaksenopplæring. Menyen var risgrøt, og mens den kokte, sang vi julesanger. Å synge norske sanger er god trening i både å lese og å uttale, så vi synger ofte. Ettersom de burmesiske elevene er kristne, har vi mange sanger hvor melodien er kjent, så da trenger de ikke bruke tid på å lære melodien.

I dagens repertoar dukket Gled deg du jord opp som en kjent sang. Den engelske teksten Joy to the world var kjent og oversatt til både chin og karen, så vi fant ut at vi ville bruke den på avslutningsfesten. Jeg fant teksten på nettet og printet den ut, og da grøten var servert, brukte vi den til bordvers. Tre vers på norsk, første verset på chin og karen, så fikk det våge seg om grøten ble litt kald før vi fikk smør og sukker og kanel på den. Det var høytid.

Vi hadde lagt mandel i grøten, men det var ingen som fant den, så premien ble ikke delt ut. Tre av elevene sang for oss, deretter var det taler. Først talte jeg og minnet elevene om framgangen de hadde hatt i løpet av semesteret, mange er nå ferdig med teorien til førerprøven og godt i gang med kjøretimene, og det norske språket blir bedre uke for uke. Så var det hilsener fra skolesjef Elise Marie Kringen, flyktningkonsulent Guro Solbakk og kirkesjef Sissa Ringstad før Øystein Berg avrundet det hele med å takke for året som ligger bak oss. Noe Bow Nya takket fra elevene for all hjelp de får fra kommune og kirke og skole. Så avsluttet vi med å synge Det lyser i stille grender.

På turen nedover til Mandal var det likevel Gled deg du jord som klang i sinnet mitt.

 

Program for veke 51, 2012

Share

Tysdag 18. desember 2012

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Gospel Sang Timen med Per Govertsen
19.30 Norsk julesang
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Musikk til jol med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 19. desember

18.00 Kommunestyremøte

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Omtale

Kommunestyremøtet onsdagskvelden tok til klokka 18. Klokka 19.45-20.15 var det matpause med suppe og lefse og eplekaker. Klokka 21 var det ti minutts gruppemøte for å drøfte vegtrasé på strekninga Sandnes – Harstadberg.

Lenke til tysdagsprogrammet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20121218

Lenke til onsdagsprogrammet:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20121219

Jolebord med Valle Radio

Share

Eg trur me var 14 som møttest til jolebord med Valle Radio i dag klokka 16 på Valle Motell. Det er ein tradisjon me har hatt mest så lenge radioen har halde på. Etter ei god bordsete fekk me ein god prat om radioen i året som kjem.

Det er nokre nye ting som me gler oss til. No skal me sende til heile dalen kvar onsdagskveld. Radio Evje har bede om at me legg opp til det, og det vil jo gje fleire som ringer inn når det er opi sending, men programleiarane kan og utvide nedslagsfeltet og lage radio med gjester frå alle kommunane i Setesdal, der me no stort sett har halde oss til Valle.

Me vil og prøve å få folk i andre kommunar til å lage program, no kan ein lage program direkte på smart-telefonane. Om folk då lastar dei opp til ein Dropbox som programleiarane kan ha tilgang til, kan dei få hjelp til programma sine. Mange opplever at å lage program til to timar er mykje, så mange vil setje pris på om dei får program frå andre. Musikkprogram med Leif Kvinlog, Johs Bjørkli og andre kan også vere ei avlastning for stressa programleiarar.

Eit tredje tiltak som ein har hatt på tapetet lenge, er å legge programma ut som podcast. Dette har vore klart ei stund, men ikkje sett i verk enno. Vona er å få det til våren 2013.

Det var ein hyggeleg prat etter eit måltid god mat. Så gjekk me kvar til vårt, men Bjørgulv og Ørnulf vart att for å planlegge sendinga 22. desember, når det er stort arrangement i sentrum i Valle, og radioen sjølvsagt vil vere med på på festen. Det er visst tanken å få Sigurd Haugsgjerd til å trekke linjer for året som ligg bak oss. Og så skal andaktshaldarane ha sitt joleprogram, i tillegg skal det vere mykje anna den kvelden. Så dei skreiv og la planar, men eg gjekk til datamaskinen for å planlegge litt nærare prosjekt. I morgon er det atter ein dag.

Rugger og brossar

Share

I kveld var Karin Bøe i studio og fortalde om boka ho har skrive, Rugger og brossar. Åkle i Setesdal. Stoffet til boka har ho i grunnen samla i løpet av dei 17 åra ho har budd i kommunen. I løpet av desse åra har ho snakka med over 100 kvinner om vevinga deira. Boka er blitt eit flott monument over kvinners kunstverk i farne tider, vevkunsten er nok på veg ut av kunster som kvinner tek med seg heinefrå i våre dagar.

Ei rekke sponsorar har løyvt pengar til boka, dei har fått mykje kultursoge for pengane. Og lesaren får mykje for pengane når ein kjøper boka til 399 kroner. I tillegg til svært mykje informativ tekst er det ei mengd med fine bilete. Karin fortalde at ho har teke dei flest bileta sjølv, dei er store og viser teppene på ein god måte slik at ein ser heile teppet, ikkje bare deler av det.

Karin fortalde levande om arbeidet med boka og var glad at ho var ferdig med arbeidet. No skulle ho vere kyrkjetenar og køyre post, den siste jobben er ho vikar for no i den travle førjoletida. Eg skal kome tilbake til litt meir stoff om boka, det er ei fin jolegåve til alle som har åkle i Setesdal.

Program for veke 50, 2012

Share

Tysdag 11. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 12. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar:Torhild Sandnes
Telefonvakter frå klokka 20.30: Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuell time. Karin Bøe fortel om Rugger og brossar. Åkle i Setesdal
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer
20.00 Haralds time med gjester. Olav M. Holen fortel om den nye boka si
21.00 Opi sending med Kåre Rike. Telefon 379 37 577

post@valleradio.com
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Skilnaden mellom spørsmål og å realisere

Share

Når du får eit spørsmål om å kåsere på jolebord om tre veker, er det lett å svare ja, men når dagen nærmar seg, tenkjer i alle fall eg ofte at eg skulle ha svart nei, kvifor utsetje seg sjølv for noko så nervepirrande i staden for bare å ha ein hyggeleg kveld utan å stikke seg fram.

Slik vart det i år og, no har eg gått i mange dagar og fundert på kva eg skulle ha som tema og korleis eg skulle legge opp heile kåseriet, og no nærmar det seg stygt, og eg har enno ikkje funne forma, sjølv om eg trur eg anar kva eg kjem til å snakke om. Det vert ikkje det som står i jolebordsongen du fekk lese i går, det er jo der, så eg må finne noko anna å kommentere.

Ideelt sett burde eg ha skrive kåseriet, slik at eg var trygg når eg skulle halde det og hadde eit papir å stø meg til. No rekk eg ikkje det, ser det ut til, og å støtte seg til eit papirark er jo nokså mager støtte i alle fall. Eg må nok ha det på plass i hovudet, i alle fall i grove trekk, og så får det gå som det vil.

Dei gongene eg har skrive kåseria mine, blir det ofte noko bunde, den munnlege forma vil ikkje ut av det kvite arket, så når eg står der og skal halde det, går det ikkje så lenge før talen er utan forankring i papiret, men flyt fritt etter tankespinn som på ein eller annan måte rullar mellom kåsør og publikum. Annleis nok for dei som kåserte fem på halv åtte i P2 før, dei hadde jo ikkje nokon reaksjon å måle kåseriet etter. No er det borte, radiokåseri er visst ikkje så mykje å samle på, sjølv om eg som er så gamal at eg hugsar Richard Herrmann sine kåseri frå London som glitrande talekunst. Sjølv har eg prøvd å ha kåseri i det kvarteret eg har i starten av tysdagssendingane, det går litt opp og ned, men eg har no halde fast på forma. Så får det våge seg i kveld og.

Jolebordsong 2012

Share

Også i år har eg hatt gleda av å lage jolebordsong til det kommunale jolebordet. Det har mest blitt ein tradisjon, og eg set stor pris på å bli spurd. I år skal eg og ha kåseri på jolebordet. Her kjem jolebordsong 2012, same melodien som åra før (Nå har vi vaska golvet):

Velkommen til vårt jolebord, det er blitt tradisjon
å samlast her på Sølvgarden til fest og refleksjon
ein fredag i desember, i travel jolestri;
i kveld me senker tempo og unnar oss litt fri.

Så lat oss sjå tilbake på dagane som gjekk,
på små og store hendingar som me i Valle fekk:
I tjue-tolv (2012) det regna til fulle magasin,
så sommaren me hadde var ikkje varm og fin.

Og Brokke Nord og Sør vart starta opp og kom i fart,
i Valle var det utgraving, dei fann knapt noko rart.
Sjølv Sentrumsplanen kom på vent, Signalbygg stoppa opp,
men fotball Jenter 14, dei kom til slutt på topp.

Nå får dei sikkert kunstgras, for banken legg jo i,
folk flest fekk scooterløyve og slepp å gå på ski.
Det gode liv kan levast her i vår kjære bygd,
og får me ikkje lønna, så kan me gå på trygd.

For nokre har fått pålegg og andre fekk pensjon,
kor enn me er i livet, me har ein stor misjon:
Å gjere jobb og dagleg liv så innhaldsrikt me kan,
å saman skape gode kår for kvinne og for mann.

Me alle er nok nerdar som aldri får ein pris,
me ofte tek fram kjepphestar og rir på kvar vår vis,
men julebordsmedaljen me pussa har i kveld,
han skin i augo våre, me glitrar likevel.

Ingen overgang

Share

I dag skulle det avgjerast om kommunane fekk flytte til Vest-Agder. Bjørgulv T. Berg hadde Bjørn A. Ropstad på telefonen i nyhetstimen og fekk då vite at det ikkje vart nokon overgang i det heile. Han hadde kanskje trudd at dei tre kommunane som hadde hatt lokal folkeavstemming, fekk gå over, men at Evje og Hornnes, som ikkje hadde hatt det, ikkje ville få overgang. Men ingen fekk. Så i første omgang vil det bli som det har vore.

I kveldens sending var det sett opp at eg skulle ha Opi sending. Eg hadde gløymt at eg hadde teke opi sending for Henri Tore og Rolf Erik ein gong tidlegare i haust, så eg stelte i stand rebusar og gjekk i radioen. Stor var gleda då dei du parhestane dukka opp, eg måtte inn på Setesdalswiki og fjerne rebusane eg hadde lagt ut og rette opp kven som var ansvarleg, men det var enkelt gjort. Telefonvakta måtte også rettast opp, dei to som var sett opp, har teke pause som telefonvakter frå no og ei stund utover.

18.00 Aktuell time
Samtale med Bjørg Ragnhild Trydal Jansen om gestaltterapi
Telefon til Signe Sollien Haugå frå Setesdal Regionråd om desentralisert utdanning i sjukepleie i samarbeid med Lister og Lindesnes. Sju deltakarar samlast på Valle vidaregåande skule.
Telefon til Bjørn A. Ropstad om korleis det går med saka om overflytting til Vest-Agder. Det vart nei.

19.00 Tankar frå Bibelen. Ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer. Med Alida Harskamp i studio
20.00 Bjørgulvs time med gjester
Dag Hovden har vore på Svalbard i fem månader som sysselmannsbetjent
Caroline Larsen arbeider på Brokke Alpinsenter
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki. Telefon 379 37577
Rebusane er henta frå Setesdølen nr. 96, 2012