Ingen overgang

Share

I dag skulle det avgjerast om kommunane fekk flytte til Vest-Agder. Bjørgulv T. Berg hadde Bjørn A. Ropstad på telefonen i nyhetstimen og fekk då vite at det ikkje vart nokon overgang i det heile. Han hadde kanskje trudd at dei tre kommunane som hadde hatt lokal folkeavstemming, fekk gå over, men at Evje og Hornnes, som ikkje hadde hatt det, ikkje ville få overgang. Men ingen fekk. Så i første omgang vil det bli som det har vore.

I kveldens sending var det sett opp at eg skulle ha Opi sending. Eg hadde gløymt at eg hadde teke opi sending for Henri Tore og Rolf Erik ein gong tidlegare i haust, så eg stelte i stand rebusar og gjekk i radioen. Stor var gleda då dei du parhestane dukka opp, eg måtte inn på Setesdalswiki og fjerne rebusane eg hadde lagt ut og rette opp kven som var ansvarleg, men det var enkelt gjort. Telefonvakta måtte også rettast opp, dei to som var sett opp, har teke pause som telefonvakter frå no og ei stund utover.

18.00 Aktuell time
Samtale med Bjørg Ragnhild Trydal Jansen om gestaltterapi
Telefon til Signe Sollien Haugå frå Setesdal Regionråd om desentralisert utdanning i sjukepleie i samarbeid med Lister og Lindesnes. Sju deltakarar samlast på Valle vidaregåande skule.
Telefon til Bjørn A. Ropstad om korleis det går med saka om overflytting til Vest-Agder. Det vart nei.

19.00 Tankar frå Bibelen. Ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer. Med Alida Harskamp i studio
20.00 Bjørgulvs time med gjester
Dag Hovden har vore på Svalbard i fem månader som sysselmannsbetjent
Caroline Larsen arbeider på Brokke Alpinsenter
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki. Telefon 379 37577
Rebusane er henta frå Setesdølen nr. 96, 2012

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *