Jolebord med Valle Radio

Share

Eg trur me var 14 som møttest til jolebord med Valle Radio i dag klokka 16 på Valle Motell. Det er ein tradisjon me har hatt mest så lenge radioen har halde på. Etter ei god bordsete fekk me ein god prat om radioen i året som kjem.

Det er nokre nye ting som me gler oss til. No skal me sende til heile dalen kvar onsdagskveld. Radio Evje har bede om at me legg opp til det, og det vil jo gje fleire som ringer inn når det er opi sending, men programleiarane kan og utvide nedslagsfeltet og lage radio med gjester frå alle kommunane i Setesdal, der me no stort sett har halde oss til Valle.

Me vil og prøve å få folk i andre kommunar til å lage program, no kan ein lage program direkte på smart-telefonane. Om folk då lastar dei opp til ein Dropbox som programleiarane kan ha tilgang til, kan dei få hjelp til programma sine. Mange opplever at å lage program til to timar er mykje, så mange vil setje pris på om dei får program frå andre. Musikkprogram med Leif Kvinlog, Johs Bjørkli og andre kan også vere ei avlastning for stressa programleiarar.

Eit tredje tiltak som ein har hatt på tapetet lenge, er å legge programma ut som podcast. Dette har vore klart ei stund, men ikkje sett i verk enno. Vona er å få det til våren 2013.

Det var ein hyggeleg prat etter eit måltid god mat. Så gjekk me kvar til vårt, men Bjørgulv og Ørnulf vart att for å planlegge sendinga 22. desember, når det er stort arrangement i sentrum i Valle, og radioen sjølvsagt vil vere med på på festen. Det er visst tanken å få Sigurd Haugsgjerd til å trekke linjer for året som ligg bak oss. Og så skal andaktshaldarane ha sitt joleprogram, i tillegg skal det vere mykje anna den kvelden. Så dei skreiv og la planar, men eg gjekk til datamaskinen for å planlegge litt nærare prosjekt. I morgon er det atter ein dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *