Jolebordsong 2012

Share

Også i år har eg hatt gleda av å lage jolebordsong til det kommunale jolebordet. Det har mest blitt ein tradisjon, og eg set stor pris på å bli spurd. I år skal eg og ha kåseri på jolebordet. Her kjem jolebordsong 2012, same melodien som åra før (Nå har vi vaska golvet):

Velkommen til vårt jolebord, det er blitt tradisjon
å samlast her på Sølvgarden til fest og refleksjon
ein fredag i desember, i travel jolestri;
i kveld me senker tempo og unnar oss litt fri.

Så lat oss sjå tilbake på dagane som gjekk,
på små og store hendingar som me i Valle fekk:
I tjue-tolv (2012) det regna til fulle magasin,
så sommaren me hadde var ikkje varm og fin.

Og Brokke Nord og Sør vart starta opp og kom i fart,
i Valle var det utgraving, dei fann knapt noko rart.
Sjølv Sentrumsplanen kom på vent, Signalbygg stoppa opp,
men fotball Jenter 14, dei kom til slutt på topp.

Nå får dei sikkert kunstgras, for banken legg jo i,
folk flest fekk scooterløyve og slepp å gå på ski.
Det gode liv kan levast her i vår kjære bygd,
og får me ikkje lønna, så kan me gå på trygd.

For nokre har fått pålegg og andre fekk pensjon,
kor enn me er i livet, me har ein stor misjon:
Å gjere jobb og dagleg liv så innhaldsrikt me kan,
å saman skape gode kår for kvinne og for mann.

Me alle er nok nerdar som aldri får ein pris,
me ofte tek fram kjepphestar og rir på kvar vår vis,
men julebordsmedaljen me pussa har i kveld,
han skin i augo våre, me glitrar likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *